Høring - Endring i forskrift om kommunal betaling for utskrivningsklare pasienter - Innføring av betalingsplikt for utskrivningsklare pasienter i psykisk helsevern og TSB

Høringssvar fra Fitjar kommune

Høyringssvar Fitjar kommune

Dato: 21.11.2016
Svartype: Med merknad

Fitjar kommune visar til rådmannen sine vurderingar i saksutgreiinga (vedlegg), og går mot betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan psykisk helsevern og TSB.

Dersom departementet set i verk betalingsplikta, meiner Fitjar kommune at dei framlagte reguleringane av plikta er naudsynte:

  • Det skal kallast inn til møte før pasient kan verta rekna som utskrivingsklar
  • Alternativ to, krav om tidleg kontakt skal gjelda pasientar i psykisk helsevern og TSB som spesialisthelsetenesta antar vil ha trong for omfattande kommunale helse- og omsorgstenester etter utskriving
  • Det må innførast karensdagar, men tre dagar er for lite

Fitjar kommune er positiv til at det blir lagt til grunn utsett verknad av betalingskravet, men meiner at problemstillinga med tidsbruken for å oppretta eit forsvarleg tilbod vil vera like relevant i 2018 som i dag. Kommunane må ikkje straffast økonomisk for å bruka naudsynt tid til å setja i verk forsvarlege tilbod til brukarane.

Fitjar kommune ser utfordringa i at brukarar oppheld seg i andre kommunar enn den dei er folkeregistrerte i. Fitjar kommune meiner at betalinga må knytast til folkeregistrert kommune, samstundes som kravet om folkeregistrering av faktisk bustadadresse etter folkeregisterlova må styrkast.

Vedlegg