Høringssvar fra Stavanger kommune
Høring - Endring i forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek
Viser til utsendt høyring vedrørande Endring i forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek, datert 16. august 2017.
Slik Stavanger kommune ser det er endringa i forskrift eit rasjonelt og formålstenleg tiltak for å redusere totalforbruket av antibiotika.
I høyringsnotatet står det at alle reseptar utskrive på legemidlar i gruppe J01 automatisk skal ha ei gyldigheitstid på 10 dagar som standard i FEST. Det står også; «Ordningen tvinger rekvirenten til å foreta et aktivt valg dersom gyldighetsperioden for antibiotika resepten skal være lenger enn 10 dager.» Det er då viktig at det vert lagt til rette for at ordninga er intuitiv og at det er enkelt å endre utløpsdato på reseptar ved forskriving. Ein kunne vurdere ei teknisk løysing som automatisk endrar gyldigheitstida til eit år ved antibiotika utskrive på blåresept, eller gir legen eit tydeleg varsel om at gyldigheitstida på 10 dagar må endrast. Det er vidare fornuftig at rekvirent kan overstyra dei 10 dagane.
Sjukeheimar i Stavanger kommune har i dag ikkje tilgang på e-reseptformidlaren og må bruke papirreseptar. Problematiseringa rundt papirreseptar er likevel marginal, og som det står i notatet, er nok størstedelen av «papir»-reseptane utover dette, i realiteten telefonreseptar.
Stavanger kommune stiller seg bak endringsforslaget og meiner dette er eit fornuftig tiltak for å minimere bruk av antibiotika, spesielt i primærhelsetenesta.