Høringssvar fra Fylkesmannen i Vestland

Dato: 20.08.2020

Høyring - endringar i statstilsetteloven - registerordning for økonomiske interesser

Fylkesmannen i Vestland viser til høyringsbrev 29.07.2020 med frist 29.10.2020.

Me stør framlegget om å laga lovheimel for å kunna registrera økonomiske interesser for statstilsette.

Me meiner likevel at den føreslegne lovteksten i for liten grad gjev retningslinjer for kva typar statlege verksemder og kva stillingar som er meinte å bli omfatta av registreringsordninga. Av pedagogiske grunnar og for å unngå unødig tidsbruk, er det uheldig at ei statleg verksemd må gå til eit lite tilgjengeleg høyringsbrev for å få nærare rettleiing i når det er heimel for å innføra ei registreringsordning i eiga verksemd. Rettleiinga i høyringsbrevet burde også etter vårt syn vera klarare.

Fylkesmannen ber difor om at det i lovteksten vert teke inn dei viktigaste momenta for når noko kan reknast som «nødvendig ut fra virksomhetens ansvars- og arbeidsområder og ansattes stilling eller funksjon». Vidare bør det i det vidare lovarbeidet gjerast klart at desse vurderingane er rettsbruksskjøn som kan prøvast fullt ut av domstolane dersom nokon ønskjer å utforda heimelen rettsleg, med mindre det er meint noko anna.

Med helsing

Gunnar O. Hæreid

ass. fylkesmann

Dokumentet er elektronisk godkjent og høyringssvaret lagt inn på regjeringen.no/id2723754