Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 07.01.2019

Høyringssvar frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune har registrert at det ligg føre forslag om oppretting av eit nasjonalt eldre-, pasient- og brukarombod jfr. høyring dagsett 2.10.2018.

Møre og Romsdal fylkeskommunen synes argumenta for ei styrking og utviding av ombodsordninga, slik dei framkjem i høyringsdokumentet, er gode. Det gjeld både behovet for eit nasjonalt ombod og utviding av ombodsordninga til å gjelde tannhelsetenesta.

Vi stussar derimot noko over den organisasjonsløysninga som blir foreslått ved at det nasjonale ombodet både skal vere eigen etat, og samtidig vere samlokalisert med eit av dei lokale omboda, og vidare at ein og same person både skal vere nasjonalt ombod og lokalt ombod. No skjønar vi frå budsjettavtalen som er inngått mellom regjeringspartia og KrF at ein truleg alt er på veg bort frå ein slik «hybridvariant» for det nasjonale ombodet ved at tiltaket blir tilført meir pengar slik at det nasjonale ombodet kan bygge sin eigen organisasjon. Det er i så fall ei endring som Møre og Romsdal fylkeskommunen kan støtte.

Møre og Romsdal har ca. 4000 færre statlege arbeidsplassar enn gjennomsnittet for fylka i landet. Møre og Romsdal fylkeskommune driv derfor, i samarbeid med kommunane i fylket, eit eige prosjekt for «Fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal». På handlingsplanen for 2018 står nettopp lokalisering av det nye nasjonale Eldre-, pasient- og brukarombodet til Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår at det nasjonale ombodet blir lagt til Kristiansund. Det er fleire grunnar til det:

· Kristiansund har i utgangspunktet svært få statlege arbeidsplassar

· Sjukehuset i Kristiansund skal vidare leggast ned i samband med at det vert bygd nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, Molde – noko som gir ytterlegare reduksjon i statlege arbeidsplassar i byen

· I samarbeid med bla. Helse- og omsorgsdepartementet har ein under oppbygging eit Helseinnovasjonssenter i Kristiansund med ambisjon om å ta ei nasjonal rolle når det gjeld å utvikle framtidas helseteneste i skjeringspunktet mellom brukarorientert tenesteutvikling, helseteknologi og forsking

· I samarbeid med bla. Helseforetaket og Kristiansund kommune arbeider ein med utvikling av eit Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund som skal realisere nye konsept for korleis helsetenestene kan utvikle seg i samspel mellom spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta, helsenæring og brukarane sjølve

· Dessutan er det lokale pasient- og brukarombodet for Møre og Romsdal lokalisert til Kristiansund

Konklusjon

1. Møre og Romsdal fylkeskommune vil på det sterkast tilrå at Kristiansund blir stad for lokalisering av det nye nasjonale Eldre-, pasient- og brukarombodet.

2. Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at lokalisering av det nye nasjonale Eldre-, pasient- og brukarombodet skjer etter Regjeringa sine vedtekne «Retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteyting»