Forsiden

Høringssvar fra Bremanger kommune

Etablering av tvisteløysingsmekanisme for rettslege tvistar mellom stat og kommune mv. - Fråsegn frå Bremanger kommune

Dato: 15.04.2016

Svartype: Med merknad

Bremanger kommune støtter regjeringa sitt forslag om at kommunar skal skal ha høve til å saksøke staten for dei alminnelege domstolane i rettslege tvistar mellom stat og kommune.

Bremanger kommune er samd i at det er trong for å beskytte innbyggjarane ved mottak av visse velferdstenester frå å bli dradd inn i rettslege tvistar mellom stat og kommune, men unnataket bør ha ei noko annan rettsleg innretning.

Når det gjeld saker som skal kunne prøvast og kva som skal prøvast, så er det i høyringsnotatet pkt. 3.6 føreslege at kommunane ikkje skal ha høve til rettsleg prøving av vedtak fylkesmannen har fatta som klageorgan etter barnevernloven. Dette er ikkje grunngjeve nærare. Her meiner eg kommunen bør ha høve til domstolprøving i dei tilfelle der kommunen meiner fylkesmannen sitt vedtak ikkje er til barnets beste, jf. bvl § 4-1. Kva som er «barnets beste» er eit rettsleg vilkår som domstolane kan prøve. Ein kan ikkje legge til grunn at fylkesmannen si vurdering av barnets beste vurdering er riktig, og omsynet til barnet og rettssikkerheit for barnet tilseier då at kommunen vert gjeve rett til å ta ut søksmål.

Departementet føreslær eit forbod mot å omgjere vedtak om å tildele visse velferdstenester, på bakgrunn av resultat frå domstolsbehandlinga, til ugunst for tenestemottakar. Forbodet gjeld sjølv om domstolane kjem til at vedtaket ikkje var i samsvar med loven. Dette skal gjelde alle vedtak som vert fatta etter opplæringsloven, pasient- og brukerrettighetsloven, helse og omsorgstjenesteloven, samt vedtak etter sosialtjenesteloven §18 (stønad til livsopphald), 27 (mellombels butilbod) og 35 (kvalifiseringsstønad). I utgangspunktet kan eit forvaltningsvedtak setjast i verk uavhengig av om eit søksmål vert fremma for domstolane. Eit søksmål vil i seg sjølv ikkje ha oppsetjande verknad, jf. fvl § 42. Regelen bør såleis vere at statleg mynde, med mindre statleg mynde sjølv bestemmer noko anna, kan krevje at kommunen set i verk forvaltningsvedtaket, sjølv om det vert teke ut søksmål. Og dersom domstolane gjev kommunen medhald, og kjem til at vedtaket er ugyldig, må kommunen ha høve til å gjere om vedtaket for framtida der innhaldet i vedtaket legg til rette for dette. Og det må vere kommunen som vert gjeve kompetanse til å treffe omgjeringsvedtak ved ei domstolsavgjerd i kommunen sitt favør. Omgjeringsvedtaket vil og kunne klagast på. Ei slik ordning vil ta omsyn til innbyggjarane sin trong for forutsigbarheit når vedtaket er fatta, samstundes som det gjev høve til å avvikle framtidige ytingar som ikkje er i samsvar med lovverket.

Etter departementet sitt framlegg skal høvet til å krevje erstatning frå staten vere unnateke prøvingsadgangen dersom omgjeringsforbodet vert lovfesta. Dette er urimeleg. Dersom staten uriktig har pålagd kommunen å gje ei teneste i strid med loven, må den alminnelege regel vere at staten er erstatningsansvarleg for dei kostnader kommunen er påført ved ulovleg fatta vedtak.

Bremanger kommune er elles positiv til forslaget om å avgrense statlege klageorgan til å overprøve kommunen sitt frie skjønn, og til at det vert føreslege ei særleg grunngjevingsplikt for å fravike kommunen sitt skjønn.