Forsiden

Høringssvar fra Fjell kommune

Uttale frå Fjell kommune

Dato: 22.04.2016

Svartype: Med merknad

Høyringssaka innheldt to framlegg, som må sjåast i samanheng.

 

Det eine framlegget aukar kommunal sjølvråderett med omsyn til det frie skjønnet. Det andre framlegget etablerer ei mekanisme for å løyse rettslege tvistar mellom stat og kommune. Framlegga er ein heilskap: Når ein styrkar det kommunale sjølvråderetten på bekostning av statleg klageinstans sitt mynde, så har dette berre virkning dersom det vert råd å få løyst tvistar som kan oppstå.

Slike tvistar vil gjelde det lokale sjølvstyret generelt, i tillegg til den konkrete saka. Fjell kommune meiner at det er viktig og rett at det vert mogleg å nytte domstolane til løyse slike tvistar. Det er rett nok ikkje mange saker som vil verte reist for domstolane, ut frå erfaringar frå andre land i Norden (som har slike løysingar). Men berre det faktum at det går an å reise sak har ei oppdragande effekt på dei statlege og kommunale aktørane.

 

Framlegget styrkar kommunane som sjøvstendige einingar og gir større politisk handlefridom i saker som inneheldt element av fritt skjønn.

 

I høyringssaka var det to alternativ til kva delar av ei motsegn som skulle kunne prøvast (punkt 4.4). Ut frå omsynet til kommunalt sjøvstyre, så meiner Fjell kommune at ein bør lande på å nytte Alternativ B, full prøving med omsyn til kva delar av ei motsegn som skal kunne prøvast.

 

Fjell kommune stiller seg positiv til regjeringa sitt framlegg i høyringssaka.