Forsiden

Høringssvar fra Tysnes kommune

Etablering av tvisteløsningsmekanisme for rettslige tvister mellom stat og kommune - høyring frå Tysnes kommune

Dato: 06.05.2016

Svartype: Med merknad

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Tysnes kommune

 

 

 

Arkivsak  :

Arkivkode:

16/341

820

Sakshandsamar:   Steinar Dalland

 

Handsamingar:

Utvalsaknr.                       Utval                                                    Møtedato

PS  29/16                           FORMANNSKAPET                          20.04.2016

PS  32/16                           KOMMUNESTYRET                         26.04.2016

 

ETABLERING AV TVISTELØYSINGSMEKANISME FOR RETTSLEGE TVISTAR MELLOM STAT OG KOMMUNE - HØYRING

 

Vedlegg:

1. Høyringsuttale 23.02.16

 

SAKSUTGREIING:

 

INNLEIING:

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 27.01.16 på høyring framlegg til end­ringar i tvistelova, forvaltingslova og nokre andre lover. I høyringsnotatet føreslår departe­mentet at kommunar får høve til å reisa sak for domstolane mot staten i nærare definerte rettslege tvistar. Departementet legg og opp til å avgrensa statlege klageinstansar sitt høve til å overprøva kommunane si utøving av det frie skjønnet.

 

Høyringsnotatet har følgjande heading:

 

« Begrensning i statlig klageinstans adgang til å overprøve kommunens utøvelse av det frie skjønn og etablering av en tvisteløsningsmekanisme for rettslige tvister mellom stat og kommune»

 

Departementet innleiar notatet med å visa til at regjeringa vil leggja til rette for sterke og le­vande lokalsamfunn. Det vert referert til Sundvolden – erklæringa der det vart sagt at regje­ringa vil styrka lokaldemokratiet ved å flytta makt og ansvar til kommunane. I erklæringa vart det og peikt på at fylkesmannen sitt høve til å overprøva folkevalde sitt skjønn burde reduser­ast. Det vart likeins halde fram at regjeringa ville oppretta eit tvisteløysingsorgan som skulle handtera konflikter mellom stat og kommune.

 

I høyringsnotatet føreslår altså departementet konkret reglar som skal redusera statlege klageinstansar sitt høve til å overprøva det frie kommunale skjønnet. Det vert vidare lagt opp til at den vurderinga slike klageinstansar måtte gjera av det frie skjønnet skal særskilt grunngjevast. Det er likevel slik at den føreslegne avgrensinga i høvet til å prøva det frie skjønnet ikkje skal gjelda for einskilde reglar i barnevernslova, sosialtenestelova og opplæ­ringslova. - Med kommunane si skjønnsutøving vert det etter notatet i denne samanhengen meint kommunane si utøving av det frie skjønnet; også nemnt som «hensiktsmessighets­skjønn», «forvaltningsskjønn», «kan-skjønn» og «diskresjonært skjønn».

 

Departementet føreslår også å gje kommunane som offentlege organ høve til å reisa sak mot staten. Ved å gje kommunane eit slikt høve vil lokalsamfunna sin stilling overfor staten verta styrkt. Dei fleste europeiske land har domstolar eller liknande ordningar som kan løysa retts­leg usemje mellom staten og kommunane. I framlegget ligg også at det skal vera forbod mot å omgjera vedtak om grunnleggjande velferdstenester til ugunst for den einskilde - sjølv om kommunen reiser sak mot staten.

 

FAKTA M.V.:

 

Sjølve høyringsnotatet er relativt omfattande med sine ca 35 «tettpakka» A-4 sider.

 

KS sentralt har gjeve sin høyringsuttale i saka i slutten av februar i år. KS sin uttale på knappe 7 A-4 sider er oversendt kommunane til informasjon, men og som eit tilbod om å kunna nytta deira saksgrunnlag og uttale som hjelp i eigen uttale. KS voner gjennom dette å fremja tal kommunar som gjev sin prinsipielle tilslutnad til etablering av ei slik tvisteløysingsordning m.v. gjennom høyringssvar.

 

For å avgrensa sakstilfanget har me kun valt å leggja ved KS sin uttale i saka her. I uttalen vert ikkje ubetydelege delar av det primære innhaldet i departementet sitt høyringsnotat trekt fram, og ein del underpunkt er ikkje nødvendigvis turvande å ha fullt innsyn i. For Tysnes kommune bør det vera av interesse å gje ein uttale til eit departementalt høyringsnotat som vedkjem den kommunale kvardagen – kanskje mest på eit overordna nivå – likevel på mange vis «nært.» - Føremålet med dei føreslegne endringane er i følgje høyringsnotatet å styrka det kommunale sjølvstyret og gje innbyggjarane større påverknad over tenestetilbod og sam­funnsutvikling i eige lokalsamfunn.

 

INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:

 

Tysnes kommunestyre sluttar seg fullt ut til KS sine overordna standpunkt i punkt 1 i uttalen av 23.02.16.

 

Kommunestyret er elles i det vesentlege samd i det som kjem fram gjennom vedlagde uttale.

 

FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 20.04.2016:

 

I samsvar med innstilling.

 

VEDTAK I KOMMUNESTYRET 26.04.2016:

 

I samsvar med framlegg frå formannskapet.