Forsiden

Høringssvar fra Fitjar kommune

Etablering av tvisteløysingsmekanisme for tvistar mellom stat og kommune

Dato: 26.04.2016

Svartype: Med merknad

Fitjar kommune er grunnleggjande positiv til framlegga i høyringsnotatet, og støttar i hovudsak KS sin høyringsuttale i saka.

Fitjar kommune meiner lovframlegget vil styrka kommunar sitt høve til å vinna fram i interessekonfliktar høvesvis statlege organ. Ulikskapen i vurderingar frå ulike statlege organ (til dømes ulike fylkesmenn) i like saker gjer at det er naudsynt å ha høve til rettsleg prøving av desse organa sine vedtak.

Eit spørsmål er om det skal opprettast særskilde organ eller om rettsapparatet skal nyttast. Fitjar kommune meiner at rettsapparatet skal nyttast for desse sakene.

Fitjar kommune er positiv til framlegget om endringar i forvaltningslova § 34, som vil styrkja det kommunale frie skjønn.

Ein ønskjer i tillegg å gje ein nærare uttale til nokre spørsmål:

  • Kapittel 3.9.2: Fitjar kommune støttar KS si løysing for å sikra omsynet til føreseielege velferdstenester for innbyggjarane.
  • Kapittel 3.10: Departementet sitt framlegg er etter Fitjar kommune sitt syn sjølvmotseiande. Dersom kommunen vinn fram i retten, men ikkje har lov til å gjera om vedtaket i tråd med rettsvurderinga, må det vera høve til å krevja kostnadane ved vedtaket dekka av staten.
  • Kapittel 4.4: Fitjar kommune støttar framlegg B, og meiner endringane fyrst vil ha praktisk verknad om kommunane kan få prøvd statsorganet sine vurderingar av om saka «… er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller av andre grunner er av vesentlig betydning for vedkommende organs saksområde», jf. § 5-5 fyrste ledd. Det er desse spørsmåla det er knytt største usemje om mellom stat og kommune.

 

Vedlegg