Forsiden

Høringssvar fra Os kommune

Høyring - etablering av tvisteløysningsmekanisme for rettslege tvistar mellom stat og kommune mv.

Dato: 26.04.2016

Svartype: Med merknad

Vi viser til høyringsbrev av 27.01.2016. Os kommune vil kome med svar på høyring. 

Endring i forvaltningslova § 34

  • 34 annet ledd skal lyde:

Tas klagen under behandling, kan klageinstansen prøve alle sider av saken og herunder ta hensyn til nye omstendigheter. Den skal vurdere de synspunkter som klageren kommer med, og kan også ta opp forhold som ikke er berørt av ham. Der statlig organ er klageinstans for vedtak truffet av en kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen legge stor vekt på hensynet til det kommunale selvstyre ved prøving av det frie skjønn. Vurderingen etter tredje punktum skal fremgå av vedtaket.

Ved at det kommunale sjølvstyre skal vektleggjast stor vekt samstundes som vurderinga skal kome fram av vedtaket vil kommunen sitt frie skjønn stå sterkare. Ved krav om at vurdering av dette skal kome fram av vedtaket må det påreknast færre overprøvingar av det frie skjønn. Det vil i alle tilfelle bli betre grunngjeven. Terskelen for å overprøve vil derfor truleg bli høgare slik at dette vil styrke det lokale sjølvstyret. Os kommune støttar difor forslaget. 

Forbod mot omgjering av vedtak

Det vert foreslått forbod mot omgjering for saker som har vært undergitt domstolsbehandling. Forbodet er berre aktuelt om ein gir tilgang til rettsleg prøving.

Vi er usikker på rekkevidda av denne. Det vil kunne stille begunstiget i vedtak ulik om denne er undergitt domstolsbehandling, er løyst undervegs eller ikkje undergitt rettsleg prøving mellom stat og kommune. Reint prinsipielt bør ein ikkje gi slik omgjeringsforbod. § 35 er ein «kan» regel og vi har tillit til at forvaltninga bruker denne varsamt, og da særleg når den har vore undergitt domstolsbehandling. Os kommune tilrår ikkje forbod mot omgjering. Den begunsigede er sikra rettsvern mot vilkårlig omgjering gjennom vikåra i § 35. 

Skjerpet grunngjevingsplikt i innsigelsessaker

5-4 siste ledd skal lyde:

Innsigelse skal fremjast så tidleg som mulig og seinast innan den frist som er fastsatt for høyringa av planforslaget. Innsigelse skal begrunnast og være forankret i vedtatte nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer.

Endringa set større krav til grunngjeving på same måte som endring i forvaltningslova § 34.. Os kommune støtter difor forslaget.

Endringar i tvistelova

Tilgang til rettslege skritt eller særskilt nemnd        

Os kommune ser prinsipielt verdien av og behovet for ein rettsleg prøving av lovligheten til statlege klageorgan si avgjerd, sjølv om talet på rettssaker truleg blir låg. Forslaget frå departementet synes likevel å vere lite eigna til å dekke det behovet kommunane har for ein lovlegkontroll i saker der statlege organ beveger seg inn på området for det kommunale sjølvstyret, og vedtak som pålegg kommunen plikter overfor innbyggjarane. 

Høyringsnotatet legg opp til eit system, der verknaden av ein dom på ugyldighet synes å vere sterkt avgrensa til ikkje eksisterande. 

Søksmålskompetansen er avgrensa til einkildsaker, og får berre verknad mellom partane. Den private parten i forvaltningsvedtaket er ikkje part i saka for domstolane, og kommunen han heller ikkje trekke denne parten inn i saka. Departementet opnar likevel for at private parter skal kunne ha rett til å tre inn i saka etter tvistelova § 15-3 flg. 

Vidare gir høyringsforslaget ikkje høve til å følgje opp avgjerd om ugyldig vedtak med omgjering der det ugyldige vedtaket har gitt rettigheter til privatpersonar, som inneber økonomiske utgifter for kommunen framover i tid. Likeins er det ikkje høve til å søke erstatning frå staten, som følgje av ugyldigheten i desse sakene.

Formålet med å ivareta det kommunale sjølvstyret skal vere ivaretatt ved å prøve lovligheten av vedtaket. Kommunen stiller spørsmål til om det er naudsynt å prøve alle sider av faktum når rettsverknaden er så avgrensa som i forslaget. Ved å kunne krevja erstatning i samband med lovlegkontroll vil verknaden av brot på omsyn til det kommunale sjølvstyret verte ivaretatt. 

Det vil først ha verdi med full prøvingsrett om rettsverknadane er større som moglegheit til omgjering og erstatning. 

I insigelsessaker støtter kommunen ein full prøvingsrett. Det kan etter kommunens syn vere mykje hensiktsmessig å få avklart desse spørsmåla på eit tidleg tidspunkt i prosessen, slik at planprosessen ikkje vert trenert unødig av statleg mynde.

Nemnd eller domstol?

Prøving av om overordna vedtak har vektlagt det kommunale sjølvstyret vert foreslått løyst i domstolane. Alternativt kan ei særskilt nemnd verte oppnemnd for å løyse dette. Domstolane er allereie etablert, har brei og grundig fagkompetanse og vil kunne løyse dette best. 

Os kommune støtter departementet i val av domstol som tvisteløysingsmekanisme. Ei særskilt nemnd vil krevje meir administrasjon og vil ta tid å få etablert. Det må og påreknast kostnadar ved etablering. 

Vi ser det best at rettsleg prøving og blir løyst ved domstolane både ved klagesak og innsigelsessaker. Å ha ulike tvisteløysingar mellom stat og kommune i desse sakane ser vi på som uheldig. For det tilfelle at det vert tvisteløysingsmekanisme støtter vi full prøvelsesrett, da det er vanskelige avgrensinsgtilfeller. 

Erstatning

Erstatning er ein naturlig verknad av ugyldighet der staten har pålagt kommunen utgifter ved feil lovforståing. Det vil vere ei vanskelig grensedragning om kva kommunen skal ha erstatning for, men erstatning vert særleg viktig i dei sakene der ein er avskore frå å gjere om det ugyldige vedtaket slik høyringsnotatet foreslår. Ved å tillate omgjering vil behovet for og storleiken på erstatning vere mindre.

Os, den 26.04.2016

 

Terje B. Lågeide

Juridisk rådgjevar