Høringssvar fra Kommuneoverlege Tokke

Svar frå kommuneoverlegen

Dato: 26.06.2017

Svartype: Med merknad

Forskrifta likner i sin form på fastlegeforskriften og er soleis grei å samanlikne med den. Eg synes innhaldet er bra. Noko av det er kjend frå rammeavtaleverk frå før. Dette gjeld kommunens ansvar og informasjonsplikt om tilbodet, heimebehandling, krav til tenestas innhald ( å drive med vitskapeleg dokumentera behandling i avtaletida, ikkje alternative behandlingsformer ). Det at desse krava kjem inn i ein forskrift inneber slik eg ser det ei innskjerping.

Det er også krav til samhandling med fastlege med meldingskommunikasjon og prioritering. Slikt system for meldingskommunikasjon bør være elektronisk. 

Det som saknast i høyringsnotatet og i forslag til forskrifta er kva for sanksjonar kommunen kan nytte om ikkje fysioterapeuten held seg til forskrifta. Om kommunen skal ha ansvar for å sjå til det, må kommunen vite om kva som til ein kvar tid er rekna som vitskapeleg behandling, og kva som er alternativ behandling, slik at det ikkje blir usemje om det. Det må og være tydeleg kva som er prioritera tilstander, både i nasjonal veilleder og i kommunal plan for fysioterapitenesta. 

Eg saknar ein tydeleggjering av korleis kommunen skal føre tilsyn med forskrifta, meir spesifikt om det er tenkt at det er kommuneoverlegen som skal ha det som delegera oppgåve. Kommuneoverlegen vil i så tilfelle  være heilt avhengig av spesifikke, oppdatera retningslinjer.

Om ein er samd i føremålet, som eg er, trur eg forskrifta kan være til hjelp med dei forbetringane som eg har nemnd. Sanksjonsmoglegheit bør være med i forskrifta. Det andre kan kanskje gjevast ut som rundskriv eller faglig veilleder.