Høringssvar fra Helse Fonna

Høyringsinnspel til Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav i kommunale fysioterapitjenester

Dato: 05.05.2017

Svartype: Med merknad

Helse Fonna har hatt forskrift om funksjons og kvalitetskrav i kommunale fysioterapitjenester på høyring i organisasjonen og har følgjande innspel:

Helse Fonna ser det som positivt at enkelte deler ved tenesteytinga til sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeutar med kommunal driftsavtale vert regulert i forskrift slik at kommunane i større grad kan målretta dei samla kommunale ressursane. Dermed kan kommunen sikra og regulera det kommunale fysioterapitilbodet slik at prioriterte grupper får behandling raskt og at den samla kapasiteten hos fysioterapeutane kan nyttas betre.

I forslag til forskriftstekst i §17 står det: Kommunen og fysioterapeuten kan avtale nærmare om korleis fysioterapeuten kan bidra til å avhjelpa kommunen si trong for ambulerande tenester. Med fleire heimebuande eldre er det viktig at fysioterapeutane med driftsavtale kan gje ambulerande tenester til heimebuande som ikkje er i stand til å møte til konsultasjon i lokala til fysioterapeuten.

På same måte er det viktig i eit habiliterings- og rehabiliteringsløp at tilbod om fysioterapi skal ytas integrert med dagtilbod, barnehage, skule arbeidsplass eller andre relevante arenaer. Dette må og kunne ytas av fysioterapeutar med kommunal driftsavtale.