Høringssvar fra Justis- og beredskapsdepartementet

Endring i forskrift om rammeplan for femårige grunnskolelærerutdanninger

Dato: 22.03.2016

Svartype: Med merknad

Høring – endring i forskrift om rammeplan for femårige grunnskolelærerutdanninger 

Vi viser til brev 21. desember 2015 frå Kunnskapsdepartementet i saka. Justis- og beredskapsdepartementet har følgjande merknader: Framlegget til forskrifter er utforma på ein noko spesiell måte, med mange og til dels svært lange ledd og omfattande punktoppstillingar. Dette er ikkje i samsvar med gjeldande føringar for regelutforming, som til dømes heftet «Lovteknikk og lovforberedelse».

Kunnskapsdepartementet har dei seinaste åra teke del i prosjektet «Klart lovspråk», der ei gruppe frå opplæringsavdelinga, saman med representantar frå Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet og Språkrådet, arbeider med ei språkleg forbetring av opplæringslova. Vi tilrår at erfaringane frå dette arbeidet blir lagt til grunn for utforminga av forskriftene.

 

 

Vedlegg