Høringssvar fra Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Høyringsfråsegn frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Dato: 30.03.2016

Svartype: Med merknad

Høyringsfråsegn til forskrifter om rammeplan for femårige grunnskulelærarutdanningar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane viser til høyringsbrev og høyringsnotat med framlegg til forskrifter om rammeplanar for femårige grunnskulelærarutdanningar. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har følgjande merknader til framlegga:

§ 1 Virkeområde og formål

I begge framlegga til forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning, dvs. for 1.–7. trinn og 5.-10.trinn, går det fram at utdanninga skal kvalifisere for «(…) en profesjonsutøvelse som bygger på forsknings- og erfaringsbasert kunnskap, og for videre studier (..)». Vi meiner omgrepet profesjonsutøvelse er for generell og vil lett underkommunisere pedagogikken si sentrale rolle i lærarutdanninga og lærarens viktigaste oppgåve i klasserommet. Vi rår Kunnskapsdepartementet til å bruke det presise fagnamnet pedagogikk slik rammeplanutvalet også har gjort framlegg om.

§ 2 Læringsutbyte

Vi er samd i at det er viktig at lærarar skal ha inngåande kunnskap om gjeldende lov- og planverk og at dette er klart uttrykt i forskrifta.

Under dette punktet er det lista opp ulike ferdigheiter som kandidaten skal kjenne til eller beherske. Under strekpunkt seks går det fram at kandidaten kan identifisere særskilde behov hos barn «(…) herunder identifisere tegn på vold eller seksuelle overgrep

Vi meiner at opplisting av berre to forhold lett kan føre til at andre særlege behov hos barn vert utelatt eller får mindre merksemd, t.d. mobbing og diskriminering, psykiske vanskar, rusproblem, fattigdom, funksjonshemmingar og sjukdomar. Det sentrale er at lærarstudentane får kunnskap og evne til å sjå og identifisere elevar som slit fagleg og/eller sosialt, for at læraren så raskt som råd set i verk aktuelle tiltak i form av tilpassa opplæring/spesialundervisning. Vidare at læraren skal kunne samarbeide med ulike eksterne instansar for å ta i vare eleven sine behov særlege behov.

§3 Innhald og struktur

Vi har peika på at profesjonsfag må erstattast med pedagogikk, omgrepet profesjonsfag er etter vår meining eit anonymt omgrep som svekkjer pedagogikken si sentrale rolle i lærarutdanninga. Spesielt meiner vi dette kjem tydeleg fram når det i § 3 står det følgjande: « (…) lærerkompetansen i et flerkulturelt og flerreligiøst samfunn skal kunnskap om religion, livssyn og etikk utgjøre en modul tilsvarende 15 studiepoeng integrert i elevkunnskapsdelen av profesjonsfaget

Landet vårt er i dag eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn og dette perspektivet må også integrerast i faga samfunnsfag og KRLE i utdanninga. Dette samfunnsperspektivet må også sjåast i samanheng med opplæring i pedagogikk, t.d. når det gjeld inkluderande skulemiljø, tilpassa opplæring, samarbeid heim-skule, kjennskap til lovverk og rettar. Men pedagogikkfaget bør ikkje ha eiga avgrensing/eining i forhold til religion, livssyn og etikk.

I framlegget går det fram at utdanninga skal minst innehalde 60 studiepoeng profesjonsfag. Dersom 15 studiepoeng blir reservert til eit anna fagområde, inneber dette at 45 studiepoeng står att til pedagogikk. Når utdanninga no blir femårig, vil pedagogikk berre kunne utgjere 15 % av utdanninga. I forhold til dagens lærarutdanning der pedagogikk og elevkunnskap utgjer 25 % vil dette vere ein stor reduksjon.

Etter vårt syn vil ei slik svekking av pedagogikkens plass i lærarutdanninga vere eit tap for både for læraryrket og for elevane. Den gode pedagogen med solid god fagleg tyngde er den viktigaste føresetnaden for elevane si læring og måloppnåing og for å sikre skulen sitt samfunnsmandat. Lærarstudentane må arbeide grundig med emne som klasseleiing og relasjonsbygging, læringsmiljø og læringsprosessar, tilpassa opplæring og motivasjon. Dette er forhold som er avgjerande for det som skjer i klasserommet. Samla sett meiner vi difor at pedagogikk må ha same omfang som dagens lærarutdanning.

I framlegget vil begynnaropplæring vere eit masterfag i 1. – 7. trinn, men ut over dette er det ikkje gitt rom for spesialpedagogiske eller pedagogiske fagområde som masterfag/masterfordjuping. Slik vi forstår framlegget, vil dei komande lærarstudentane først måtte ta ei mastergrad i eit skulefag, og deretter i spesialpedagogikk. I praksis inneber dette to ekstra år i tillegg til den femårige lærarutdanninga. Det er små sjansar for at mange vil gjere dette. Alternativet er eit reint spesialpedagogisk studium på bachelor- eller masternivå, dvs. i hovudsak rekruttert frå andre profesjonar.

Ei slik oppsplitting vil også vere eit brot på vår utdanningstradisjon, dvs. kombinasjon av allmennpedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse. Vi fryktar at etter kvart vil det vere færre (få) lærarar med slik kompetanse att i skulen. I eit lenge perspektiv vil skulen også kunne få vanskar med å sikre elevane sine rettar etter lovverket gjennom tilpassa opplæring og spesialundervisning. Skulen vil på den måten også få mindre legitimitet og kunnskap i forhold til hovudutfordringa: å gjere all opplæring så god som råd.

Vi viser også til ekspertgruppas rapport (2014), der gruppa tilrår at spesialpedagogiske emne må vektleggjast sterkare og synleggjerast i alle lærarutdanningane. Ekspertgruppa peikar på eit markant behov for masterutdanning i spesialpedagogikk, både for å dekkje behova i skulen og for å sikre forsvarleg kompetanse i PPT. Eiga kartlegging frå Sogn og Fjordane viser også at kommunane vil ha stort behov for spesialpedagogisk kompetanse i åra framover, dette gjeld både innafor barnehage, skule og PPT. At lærarstudentane kan ta mastergrad i pedagogiske og spesialpedagogiske emne, vil samstundes også sikre rekruttering til doktorgradsnivå og undervisnings- og forskingsstillingar på desse områda ved universitet og høgskular. 

Når det gjeld praksis, er vi positive til at delar av praksis for 1.-7. trinn skal kunne gjennomførast i barnehage. For å sikre ein variert og vurdert praksis av høg kvalitet, bør det presiserast i forskriftene at rettleiarane i barnehage og skule må ha rettleiingskompetanse.

 

Med helsing

 

John Ole Vange

Helge Pedersen

utdanningsdirektør

seniorrådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har difor ikkje underskrift