Høringssvar fra Norsk Målungdom

Høyringsvar frå Norsk Målungdom til forskrift til rammeplan for femårige grunnskuleutdanningar

Dato: 31.03.2016

Svartype: Med merknad

Kunnskapsdepartementet

Postboks 8119 Dep
0032 Oslo



Trondheim, 31.03.2016


Høyringsvar frå Norsk Målungdom til forskrift til rammeplan for femårige grunnskuleutdanningar



Norsk Målungdom organiserer ungdom frå heile Noreg i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til skrive nynorsk, og å fremje nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Me rekrutterer eit breitt spekter av språkinteressert ungdom, frå nynorskelevar som vil kjempe for sine språklege rettar til bokmålselevar som ynskjer seg betre sidemålsopplæring, og alt i mellom. Attåt ein unik kontakt med elevar gjennom reise- og føredragsverksemd på skular over heile landet, er dette utgangspunktet for våre perspektiv i saka.

Bakgrunn for innspela våre

Ifylgje GSI er det 76 389 elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål. Desse elevane har krav på ei fullgod opplæring i hovudmålet sitt, til liks med bokmålselevar, og difor er det naudsynt at lærarane deira er i stand til å gje dei denne opplæringa.

 

I tillegg til elevane som har nynorsk som hovudmål, har storparten av bokmålselevane nynorsk som sidemål. Anten desse elevane går på skule i nynorskområde, bokmålsområde eller språkblanda område, har dei rett til å lære sidemålet sitt skikkeleg. For mange elevar er skulen den einaste staden dei får sjå nynorsk i bruk. Difor er lærarane, med deira språkbruk og språkhaldningar, viktige rollemodellar for elevane. Lærarane sine kunnskapar i og om nynorsk er difor avgjerande for kunna og haldningane til framtidas språkbrukarar.

 

Språkpolitikk vert difor viktig når ein skal forme framtidas lærarutdanningar. Staten sitt syn på den norske språksituasjonen og læraren si rolle i framtidas språksamfunn er tema i fleire stortingsmeldingar.

 

I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og Meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk heiter det i eit av dei fem overordna språkpolitiske måla at «Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål».

 

I St.meld. nr 23 (2007-2008) Språk bygger broer, kap. 4.1 står det at «Et premiss for den demokratiske språkpolitikken i Norge er at de to norske målformene nynorsk og bokmål til sammen utgjør det nasjonalspråket som alle norske statsborgere har rett og, på visse betingelser, plikt til å lære. Det overordnede målet i den generelle norskplanen i Kunnskapsløftet er at alle elever skal få en bred språkkompetanse som omfatter kompetanse i både bokmål og nynorsk.»

 

I same melding står det (Kap 4.1.6) at «Lærernes kompetanse i norskfaget er svært avgjørende både for elevenes læring i faget norsk generelt og for elevenes utvikling av grunnleggende lese- og skriveferdigheter. Det er derfor viktig at lærerne i hele grunnskolen har relevant kompetanse. Det er ikke tilfredsstillende at hver femte lærer på ungdomstrinnet mangler fordypning i faget, og departementet mener at det er grunn til å stille krav om formell kompetanse i norsk.»

 

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomførte PROBA Samfunnsanalyse ei gransking av nynorsk som hovudmål (Rapport 2017 – 07). Her skriv PROBA dette: «I analysen av hvordan lærerutdanningene sikrer og dokumenterer kompetanse i nynorsk og bokmål hos lærerstudentene, finner vi store variasjoner mellom institusjonene når det gjelder hvilken type vurderingsform de har valgt og hvilke krav til målform som foreligger. Vurderingsformene i nynorsk ved grunnskolelærerutdanningene er sjelden likeverdige vurderingsformene i bokmål. Bokmål blir hovedsakelig brukt på skoleeksamen, og nynorsk på hjemmeeksamen eller liknende. Analysen viser videre at det er stor usikkerhet om hvordan kompetansen i nynorsk og bokmål skal synliggjøres på vitnemålet.»

 

Ut ifrå dette ser me at lærarutdanninga er avgjerande for at nynorsk skal verte meir reelt likestilt med bokmål, at det er eit krav frå staten si side at elevane skal få ei brei språkkompetanse som omfattar kompetanse i både nynorsk og bokmål, og at lærarutdanningane slik dei er i dag ikkje lever opp til dette kravet. Det er kjent at studentane sjølve og utdanningsinstitusjonane sjølve erkjenner manglande dugleik i nynorsk hjå studentane. Trass i denne erkjenninga, finst det ingen sterke føringar i rammeplanar og lovverk som påverkar stoda i rett lei. Difor må ei femårig grunnskulelærarutdanning vere utforma på ein slik måte at ho sikrar lærarstudentane kompetanse på dette feltet, og er med på å styrkje, og ikkje svekkje, jamstillinga mellom nynorsk og bokmål

 

Merknadane våre

I tråd med ynskja frå departementet, kjem me med innspela paragrafvis.

 

§ 2 Læringsutbyte
I framlegget for grunnskulelærerutdanningane for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn, heiter det at

 

(Kandidaten) mestrer norsk muntlig, norsk skriftlig både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng (§2 Læringsutbytte, Felles læringsutbytte for kandidater i begge utdanningsløp: avsnittet ”Generell kompetanse”).

 

Ei viktig røynsle frå kontakten vår med grunnskulane kring om i landet, er at lærarar på skular i bokmålskommunar og særleg i språkblanda område, vedgår at dei ikkje meistrar nynorsk godt nok til å bruke språket i undervisninga. Resultatet er at mange elevar i 8-10. klassetrinn med nynorsk hovudmål ikkje møter språket sitt i det heile utanfor norsktimane. Dermed vert terskelen for at dei skal byte hovudmål til bokmål endå lægre.

 

Rapporten frå PROBA Samfunnsanalyse syner at lærestadene ikkje sikrar dokumentasjon på at kandidatane faktisk når denne målsetnaden; å meistra både bokmål og nynorsk godt nok til å bruke dei på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.

 

Ein viktig årsak til at studentane ikkje er sikra å kunne meistra båe skriftspråka på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng, er at dei ikkje er sikra i korkje rammeplanen sjølv eller i forskrifta at studentane faktisk får opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.

 

Norsk Målungdom meiner difor at forskrifta til rammeplanen for den nye lærarutdanninga må sikre at studentane faktisk får opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.

 

§ 3 Struktur og innhald

I dag kan studentar velje ein fagkombinasjon som gjer at dei fullfører utdanningsløpet utan formell opplæring i norsk språk – korkje nynorsk eller bokmål. Studentar som vantar kompetanse i dei begge dei norske skriftspråka har ikkje dei same føresetnadene for å gi elevane undervisning på det språket dei i følgje opplæringslova og vedtak i skolekrinsen har krav på. Dette strir i so fall med det som i Kunnskapsløftet er ein grunnleggjande ferdigheit: Å skrive i alle fag. Denne setninga gjer alle fag til språkfag og dimed alle lærarar til språklærarar.

 

For å sikre at alle lærarar kan vere språklærarar, og føler seg komfortable i begge skriftspråka, må utdanningsinstitusjonane vere pålagde å gje studentane eit fullgodt språkopplæringstilbod. Særleg dei som ikkje vel norsk i sin fagkombinasjon. Dette krev at ein innfører eit tverrfagleg og obligatorisk emne i språkopplæring og språkformidling.

 

Det kan løysast på to måtar.

  1. Det vert innført eit sjølvstendig fag med eiga fagkode og fagplan. Faget må vere stort nok til å gje studentane tilfredsstillande kompetanse i skriftleg norsk.

  2. Språkformidlingsfaget kjem inn som ein modul i ei fag som allereie er eit tverrfagleg og obligatorisk emne, til dømes i profesjonsfaget. Dette opnar for at faget går over fleire semester og dermed gir studentane betre tid til å utvikle språkleg kompetanse og sjølvkjensle.

 

I framlegget til ny forskrift for rammeplan for GLU 1.–7. trinn, § 3 Innhold og struktur, heiter det at «Grunnleggende lese-, skrive, og matematikkopplæring skal ha særlig vekt». Her bør departementet leggje til «Grunnleggende lese-, skrive- og matametikkopplæring på både nynorsk og bokmål skal ha særlig vekt.»

 

 

§ 5 Nasjonale deleksemenar

Framlegget opnar for at «Departementet kan bestemme at det skal avholdes nasjonale obligatoriske deleksamener, og om resultatet skal føres på vitnemålet.»

 

Norsk Målungdom stør dette framlegget fullt ut. Ein slik nasjonal test vil gje lærestadene høve til å finne ut kva for kompetanse studentane treng, og dermed gje studentane opplæring for å sikre at dei faktisk «mestrer norsk muntlig, norsk skriftlig både bokmål og nynorsk», slik at dei kan undervise i norsk i heile Noreg.

 

I dag er det svært ulikt korleis institusjonane dokumenterer nynorskkompetansen til studentane, og ein slik nasjonal deleksamen vil vere eit mål på kompetansen til skuleeigarar på leit etter lærarar. Norsk Målungdom meiner at det bør haldast ein nasjonal deleksamen i norskfaget, som syner i kva grad studentane meistar nynorsk og bokmål.

 

§ 6 Fritak

I framlegget heiter det at kandidatane kan få fritak frå prøve i eit av skriftmåla i det obligatoriske norskfaget dersom studentane ikkje har hatt vurdering i båe skriftmåla frå vidaregåande opplæring. I praksis er dette fritak frå prøve i nynorsk. Dette er ein ålvorleg veikskap ved framlegget. Ei slik ordning fører til at studentar utan kunnskap om og i nynorsk vert send ut i norsk skule. Fram til 7. trinn er undervisningsspråket til læraren regulert etter av hovudmålet til elevane. Den skriftspråklege og språkpolitiske delen av norskopplæringa i norsk skule, er knytt til offisiell norsk språkpolitikk. Det finst ingenting i gjeldande styringsdokument som opnar for at den statlege lærarutdanninga skal undergrave den statlege språkpolitikken.

 

Det finst ingen pedagogiske vurderingar til grunn for at lærarutdanninga skal utdanne lærarar som ikkje meistrar «norsk muntlig, norsk skriftlig både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng». Det er rimeleg å hevde at kandidatane som søkjer fritak på grunn av manglande vurdering frå vgs, heller ikkje har fått eller hatt mykje opplæring i nynorsk (sidemål) frå vidaregåande skule. Difor bør kandidatane vere sikra at lærarutdanninga gjev dei denne opplæringa.

 

I staden for å reprodusere skilnader mellom studentgrupper, må utdanningsinstitusjonane tilby oppæringstilbod spesielt retta mot dei studentane som med dagens ordning ville ha rett til fritak frå vurdering. Ulike former for forkurs er vanlege i høgare utdanning. Alle søkjarar til grunnskulelærarutdanningane får i dag tilbod om forkurs i matematikk. Eit slikt forkurs bør òg opprettast for studentar som anten ikkje har hatt vurdering i sidemål på vidaregåande eller av andre grunnar ikkje har den kompetansen i norsk som trengst for å undervise i heile Noreg. Ei slik ordning, eller eit kurstilbod parallellt med den ordinære undervisninga, bidreg til å jamne ut dei faglege forskjellane mellom studentane.

 

Norsk Målungdom krev at ingen får fritak frå prøve i eitt av skriftmåla i det obligatoriske norskfaget på 30 studiepoeng.

 

Obligatorisk norsk for alle lærarstudentar

I «Kunnskap for læring», St.meld. nr 30 (2003-2004) vert «grunnleggende ferdigheter» drege fram som styrande for opplæringa i skulen. Difor er det underleg at me i dag har ei lærarutdanning for 5-10. trinn som ikkje sikrar at alle elevar i norsk skule får ein lærar som kan undervise i grunnleggjande dugleikar i alle fag på både bokmål og nynorsk. Når me opnar for at studentane ikkje må ha norsk i fagkrinsen sin, er ikkje det i samsvar med det førande prinsippet om grunnleggjande dugleikar.

 

Norsk Målungdom bed departementet om å endre forskrifta til rammeplanen slik at norsk vert obligatorisk for alle lærarstudentar i Noreg.

 

§4 Programplan og nasjonale retningslinjer:
I framlegga til forskrift om rammeplan både for GLU 1.-7. trinn og GLU 5.-10. trinn vil me at «emner knyttet til nasjonale minoriteter» skal kome inn sist i § 4. Setninga vert då slik:

«Dette gjelder blant annet arbeid med tilpasset opplæring, grunnleggende ferdigheter og kompetanser, bruk av

IKT i arbeid med fag, samiske emner, emner knyttet til nasjonale minoriteter, det flerkulturelle og flerspråklige aspektet, profesjonsetikk og kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge».

 

Oppsumert:

Norsk Målungdom meiner:

- at forskrifta til rammeplanen for den nye lærarutdanninga må sikre at studentane faktisk får opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.

- at ingen får fritak frå prøve i eitt av skriftmåla i det obligatoriske norskfaget på 30 studiepoeng.

- at formuleringa i GLU 1.–7. trinn, § 3 Innhold og struktur, må endrast frå «Grunnleggende lese-, skrive, og matematikkopplæring skal ha særlig vekt» til «Grunnleggende lese-, skrive- og matametikkopplæring på både nynorsk og bokmål skal ha særlig vekt.»

- at det bør haldast ein nasjonal deleksamen i norskfaget, som skal dokumentere om studentane «mestrer norsk muntlig, norsk skriftlig både bokmål og nynorsk».

- at forskrifta til rammeplanen for den nye lærarutdanninga må sikre at studentane får opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.

- at norsk vert obligatorisk for GLU 5.-10. trinn.

- at «emner knyttet til nasjonale minoriteter» skal kome inn sist i §4.

 

Beste helsing
Norsk Målungdom


Synnøve Marie Sætre
leiar

 

 

 

Vedlegg