Høringssvar fra Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Dato: 01.04.2016

Svartype: Med merknad

Høyringsfråsegn frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa til Forslag til forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har som mandat å styrkje nynorskopplæringa, og høyringsfråsegna vår vil derfor kommentere Forslag til rammeplaner for grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn med utgangspunkt i dette mandatet. 

Generelt

Først og fremst vil vi minne om at Kunnskapsdepartementet i brev av 17.12.2014 om «Lærerutdanningenes dokumentasjon av kandidatenes nynorskkompetanse» skriv til alle grunnskulelærarutdanningane i Noreg at: 

Vi viser til vedlagte rapport, Undersøkelse av nynorsk som hovedmål, utarbeidet av PROBA samfunnsanalyse på oppdrag fra Utdanningsdirektoratet. En av to hovedproblemstillinger i rapporten er: «Hvordan dokumenterer og sikrer forskjellige lærerutdanningsinstitusjoner at studentene får kompetanse i både nynorsk og bokmål?» 

Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene krever at kandidaten «mestrer norsk muntlig, norsk skriftlig både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng». PROBAs rapport viser at lærerutdanningene i varierende grad dokumenterer at kandidatene deres oppfyller kravet om nynorsk. 

Også Følgegruppen for lærerutdanningsreformen påpekte allerede i 2012, i sin rapport nr 2, at rammeplanens krav om dokumentasjon av kandidatenes nynorskkompetanse var for dårlig ivaretatt. «En må se til at rammeplanens krav til nynorskkompetanse er ivaretatt i GLU 5-10, også for studenter som ikke har valgt norskfaget» (s.101). PROBA-rapporten viser at mange institusjoner ikke har fulgt Følgegruppas råd på dette feltet. 

Rammeplanene beskriver læringsutbyttet for GLU-programmene. Institusjonen har ansvar for å dokumentere at kandidatene har oppnådd det fastsatte læringsutbyttet. Kunnskapsdepartementet forventer derfor at institusjonene nøye vurderer egen institusjons praksis opp mot kritikken fra PROBA-rapporten og Følgegruppen, og setter i verk nødvendige tiltak slik at det blant annet er nødvendig helhetlig ledelse av utdanningene. Institusjonene må selv vurdere behov for nasjonalt samarbeid for utvikle gode vurderingsformer som sikrer god dokumentasjon. 

Kunnskapsdepartementet seier i dette brevet klart frå om at gunnskulelærarutdanningane ikkje har gjort ein god nok jobb når det gjeld å dokumentere kandidatane sin nynorskkompetanse og at departementet forventar at institusjonane set i verk nødvendige tiltak. I arbeidet med å lage nye rammeplanar bør det no leggast inn formuleringar som tek desse utfordringane på alvor og som gir nasjonale føringar på iverksetting av tiltak, slik departementet etterlyser. 

Lærarutdanning og nasjonal språkpolitikk

Grunnskolelærarutdanningane er nasjonale lærarutdanningar og må derfor følgje opp nasjonal språkpolitikk. Nynorsk og bokmål har vore jamstilte, offisielle skriftspråk sidan 1885, og i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, nemner to av dei fem overordna måla nynorsk og bokmål eksplisitt:

  • Det skal leggast til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål.

 

  • Alle skal ha rett til språk, å få utvikla og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk, sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle skal få høve til å lære seg framande språk (s. 24). 

Skriving på begge målformer som overordna, tverrfagleg kompetanse

Grunnskulelærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, i eit nasjonalt perspektiv. Ifølgje PROBA-rapporten sikrar ikkje lærarutdanningane pr. i dag at dei som skal bli lærarar får den språkkompetansen dei treng. Kompetanse i nynorsk og bokmål betyr at kandidatane skal kunne vere lærarar for både elevar som har nynorsk som hovudmål og for dei som har bokmål som hovudmål. Vi veit at læraren sin kompetanse er heilt sentral for elevane sitt læringsutbyte. Låg nynorskkompetanse hjå lærarane vil dermed ha innverknad på læringa til alle elevar i norsk skule, både i nynorsk- og bokmålsområde. 

Det er i dag om lag 80 000 elevar med nynorsk som opplæringsmål i grunnskulen. Desse elevane skal ha opplæring i alle fag på hovudmålet sitt. Lærarar med god kompetanse i nynorsk, som kan bruke nynorsk som undervisningsspråk i alle fag og som kan gi opplæring i grunnleggjande ferdigheiter på nynorsk, er nødvendig for å halde oppe kvaliteten på undervisninga for desse elevane. Også for alle andre elevar i Noreg, som skal lære nynorsk som sidemål, er det viktig å ha godt kvalifiserte lærarar. 

§2 Læringsutbytte

Kompetanse i begge målformer er formulert i §2 Læringsutbytte i avsnittet Generell kompetanse: «Kandidaten behersker norsk muntlig, skriftlig bokmål og nynorsk, kan kommunisere om faglige spørsmål i og utenfor skolen og bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng». 

Vi meiner at dette punktet må stå i avsnittet «Ferdigheter», slik det gjorde i førre versjon av rammeplanen. Det bør også omformulerast slik at det ikkje kan mistydast. Vi foreslår derfor denne formuleringa: «Kandidaten mestrer norsk muntlig, norsk skriftlig, både bokmål og nynorsk, kan kommunisere om faglige spørsmål i og utenfor skolen og bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng». 

Rammeplanane må spegle at lærarutdanningane har eit juridisk bindande oppdrag: Å utdanne lærarar til å undervise i nynorsk og bokmål i grunnskulen. I Rapport nr. 4 til Kunnskapsdepartementet, som KD viser til i brevet av 17.12.2014 (ovanfor) står det: 

Følgegruppen for lærerutdanningssreformen vil påpeke at alle grunnskolelærere får vitnemål på at de kan undervise over hele landet, og det er derfor svært viktig at studentene mestrer kravene fra forskriften og kan bruke både bokmål og nynorsk som profesjonsspråk i møte med elever og foreldre. Vi vil derfor anbefale at alle institusjonene legger opp pensum, driver opplæring og vurderer nivået til studentene på begge målformer» (Rapport nr 4, 2014:9).

Rammeplanane må derfor sikre at studentane meistrar både bokmål og nynorsk som profesjonsspråk. Progresjon og utvikling av kommunikasjonsferdigheiter er viktig. Gjennom formuleringar i rammplanane må ein sikre ein overordna strategi for nynorskundervisning gjennom heile det femårige masterløpet. 

§3 Innhald og struktur

I lærarutdanninga for 1.-7. trinn kan obligatorisk norsk ivareta ein del av norsk skriftleg (nynorsk og bokmål) som grunnleggjande og tverrfagleg ferdigheit i utdanninga, men i lærarutdanninga for 5.-10. trinn er ikkje norsk obligatorisk fag. Det synest svært uklårt for oss korleis ein skal få til fagleg forsvarleg opplæring i norsk skriftleg, bokmål og nynorsk, for alle studentane i dette utdanningsløpet. 

Nynorsksenteret ser det som særs uheldig at det ifølgje rammeplan for 5.-10.trinn frå 2010 har vore mogleg å bli lærar utan å ha norsk i fagkrinsen. Vi ønskjer at norsk må bli eit obligatorisk fag for alle som skal undervise i grunnskulen, også på 5.-10. trinn. I det minste må institusjonane etablere eit tverrfagleg emne knytt til dei grunnleggjande ferdigheitene, der utvikling av kompetanse i begge målformer inngår. Dette må komme til uttrykk i § 3 Innhald og struktur. 

Det er også viktig at lærarutdanningane – uansett ordning - syter for at eigne tilsette har naudsynt kompetanse i begge målformene. Det grunnleggande prinsippet om at «alle lærarar er skrivelærarar» med ansvar for opplæring i dei grunnleggande ferdigheitene gjeld også for lærarutdannarane i UH-sektoren. 

§ 5 Nasjonale deleksamenar

Vurderingsordningane i dei nye lærarutdanningane er ikkje fastlagde. Det er viktig for skuleeigarar som har ansvar for kvaliteten på opplæringa å få dokumentasjon på at lærarkandidatar har nødvendig kompetanse i norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, slik vi har beskrive ovanfor. 

Det må sikrast likeverdig vurdering av kompetansen i begge målformer. Slik vurdering kan for mange studentar skje i norskfaget, men det kan også t.d. skje i pedagogikkfaget, slik vi har hatt lang tradisjon for i Noreg. Vi vil minne om at lærarstudentane tidlegare måtte velje å skrive avsluttande eksamen i norsk og pedagogikk på kvar si målform. 

For dei som ikkje har norsk som fag i utdanninga for 5.–10. trinn, må vurderinga skje i eit anna fag. Gode måtar å løyse dette på er t.d. at minst eitt skriftleg arbeidskrav i profesjonsfaget eller i masterfaget skal skrivast på «motsett» målform. 

NOKUT fekk 8. september 2014 i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre et forsøk med nasjonale deleksamenar i høgare utdanning: 

Av oppdraget følger det at nasjonale deleksamener skal:

  • gi nyttig informasjon om studentenes kunnskapsnivå
  • gi fagmiljøene mulighet til å sammenligne seg med tilsvarende fagmiljøer ved andre institusjoner, og som igjen skal gi miljøene grunnlag for utvikling.

Nynorsksenteret meiner at det gjennom NOKUT no bør innførast ein nasjonal deleksamen i grunnskulelærarutdanninga som prøver kandidatane i både skriftleg nynorsk og skriftleg bokmål. Vi meiner også at det må kome nasjonale føringar på vurderingsordningar og på korleis språkleg kompetanse i nynorsk og bokmål skal gå fram av vitnemålet. 

§ 6 Fritaksordningar

I § 6 blir det i begge rammeplanane gitt reglar for fritak frå prøve i ei av målformene. Slikt fritak vil som regel gjelde nynorsk. 

Som norsklærarar både på barnetrinnet og på ungdomstrinnet skal lærarane generelt og over heile landet kunne arbeide med begge skriftspråka (jf. Læreplan i norsk i LK06), same kva hovudmålet til elevane er. Då treng dei god skriftleg kompetanse i både bokmål og nynorsk. Det må derfor stillast klare krav om meistring av begge målformene også for lærarar på 1.-7. trinn, ikkje berre for lærarar på 5.-10. trinn som har valt norsk som fag. 

Med andre ord: Alle lærarar skal drive lese- og skriveopplæring i sine fag. Dei er såleis språklærarar anten dei har norsk i fagkrinsen eller ikkje. Vår prinsipielle standpunkt er derfor at dei som skal bli lærarar ikkje kan bli fritekne frå vurdering i ei av målformene. 

I høyringsbrevet blir endringa i fritaksreglar grunngitt slik: «Departementet vil unngå en usaklig forskjellsbehandling med bakgrunn i nedsatt funksjonsevne». Eit viktig spørsmål blir om t.d. ein dyslektikar med så stor grad av funksjonshemming at han eller ho ikkje har hatt full vurdering i norskfaget, er kvalifisert til å gjennomføre ei norskundervisning på 1. -7. trinn som samsvarer med dei krava departementet stiller om at lærarutdanninga kvalitativt skal vere av «høy faglig kvalitet». 

Det kan ikkje oppfattast som «usaklig forskjellsbehandling» om ein ikkje kan vere lærar i norsk når ein har ein dokumentert nedsett funksjonsevne knytt til sentrale sider ved faget. Dette gjeld primært lærarutdanninga 1.-7. der norskfaget er obligatorisk. 

Mange studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn har også fått fritak frå vurdering i sidemål i grunnopplæringa. For dei aller fleste av desse gjeld det nynorsk. Det er viktig å rekruttere slike studentar til lærarutdanningane. Det bør derfor etablerast ordningar som gjer at så mange som råd av desse kan få ei fullverdig utdanning med kompetanse i begge målformene, slik at dei kan fungere som lærarar i alle fag i heile landet. 

Vi vil elles minne om at studentar som har hatt fritak frå vurdering med karakter i vidaregåande skole (t.d. framandspråklege), ikkje har hatt fritak frå opplæring eller undervegsvurdering (jf. §3-22 i forskrift til opplæringslova). Dei bør derfor ha ein viss kompetanse i den målforma som har vore sidemålet. 

I Stortingsmelding 11 (2008–2009) blir manglande kompetanse ved studiestart tatt opp: «Studenter som har svake eller manglende forkunnskaper for å kunne velge eller følge undervisningen i prioriterte fag, bør få tilbud om forkurs» (s.23). 

Lærarutdanningsinstitusjonane bør derfor, i staden for å utvide fritaksordningane, tilby forkurs i nynorsk (som oftast har vore sidemål i grunnutdanninga for dei aktuelle studentane). Både studentar som har hatt fritak - og som derfor ikkje har vurdering frå vidaregåande skole - og studentar som generelt har for dårleg kompetanse i nynorsk, vil ha nytte av dette. Ei formulering om slike forkurs vil kunne kome Kunnskapsdepartementet si etterlysing av tiltak for å dokumentere kandidatane sin kompetanse i nynorsk i møte på ein god måte. 

Oppsummering

Nynorsksenteret har framlegg til endringar i følgjande paragrafar i utkast til forskrift til rammeplan: 

For 5.-10. trinn:

  • § 3: Norsk bør bli innført som obligatorisk fag også for 5.-10. trinn.
  • § 3: Dersom dette ikkje skjer: Formulering om at minst eitt skriftleg arbeidskrav i profesjonsfaget eller i masterfaget skal vere på «motsett» målform (dvs. den målforma som i grunnopplæringa er kalla «sidemål»)
  • § 3: Eller: Formulering som sikrar utviklinga av skriftleg kompetanse i begge målformer gjennom eit tverrfagleg, obligatorisk emne i grunnleggjande ferdigheiter i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. trinn. 

 

For begge:

  • § 2: Presisering av kravet om ferdigheit i norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, gjennom formuleringar som sikrar ein overordna strategi for nynorskundervisning gjennom heile det femårige masterløpet.
  • § 5: Formulering om nasjonal deleksamen i nynorsk og bokmål.
  • § 6: Formulering om likeverdig vurdering i begge målformer. Det må kome nasjonale føringar på vurderingsordningar og på korleis språkleg kompetanse i nynorsk og bokmål skal gå fram av vitnemålet.
  • § 6: Formulering om tilbod om forkurs i den målforma som ikkje har vore hovudmålet til studenten i vidaregåande skule - som alternativ til fritak frå kravet om ferdigheit både i bokmål og nynorsk.
  • § 6: Dersom det blir opning for at visse grupper kan få fritak frå kravet om ferdigheit både i bokmål og nynorsk, må det gå klart fram av vitnemålet at kandidaten har hatt slikt fritak. Det må også kome nasjonale føringar på korleis dette skal gjerast, og slik at tilsetjingsmyndigheitene kan merke seg dette.

 

Volda, 1.4.2016

Torgeir Dimmen
Leiar ved Nynorsksenteret