Høringssvar fra Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Høyringsuttale til forslag til forskrifter til ny tryggleikslov

Dato: 01.10.2018

Svartype: Med merknad

Vi syner til den generelle invitasjonen frå Forsvarsdepartementet om å gi uttale til forslag til forskrifter til ny tryggleikslov. Vi har valt å leggje hovudvekta av uttalen vår på det som går på skjermingsverdige objekt og infrastruktur.

Vi ser det som positivt at arbeidet med å identifisere kva verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning for grunnleggande nasjonale funksjonar, kan verte sett i samanheng med KIKS-arbeidet (Kritisk infrastruktur, kritiske samfunnsfunksjonar). Vi trur at det både kan gi ei betre forståing av kva som er «vesentlege og grunnleggande funksjonar», og gjere det mogleg i støre grad å sjå objektarbeidet i samanheng med anna samfunnstryggleiksarbeid.

Gjennom dialog med system- og objekteigarar har vi erfart at kunnskap om eigne system/objekt ikkje nødvendigvis betyr kunnskap om andre funksjonar og viktige objekt som knyter seg til det/dei, og som kan ha ein viktig nasjonal funksjon. Omsynet til å kunne ivareta nasjonale tryggleiksinteresser krev ei heilskapleg tilnærming, ikkje ei systemvis. I høyringsnotatet vert det peikt på at departementet meiner at verksemdene i det førebyggande tryggleiksarbeidet i for liten grad har jobba med samanhengar og å sjå på tvers av fagområda. Det er difor bra at dei vert oppmoda om ei meir heilskapleg tilnærming.

Det er veldig bra at det er presisert at gjensidig sårbarheit mellom ulike system skal vere ein del av vurderingsgrunnlaget for utpeiking og klassifisering av skjermingsverdige objekt. Det er nok ikkje tvil om at det likevel er utfordringar med å få til dette. Ansvaret for utpeiking av skjermingsverdige objekt ligg i utgangspunktet til sektordepartementet. Det vil òg omfatte ansvaret for å vurdere i kva grad andre system er avhengige av det aktuelle objektet eller infrastrukturen. Verksemda si eiga skadevurdering vil vere viktig, men vi meiner at Fylkesmannen med fordel kunne ha vore trekt med i prosessen med å identifisere viktige objekt og system. Fylkesmennene vil kunne bidra med å sjå heilskapen og breidda i utfordringsbildet. I prosessane vil vi kunne bidra med viktig kunnskapsgrunnlag frå risiko- og sårbarheitsanalysar og arbeid med risikoscenario. På nasjonalt nivå meiner vi at DSB vil kunne bidra med viktig breiddekunnskap, men òg bidra med utvikling av analysemetodikk.

Vi har starta eit prosjekt med eit gradert vedlegg til fylkes-ROS for Sogn og Fjordane. Der ser vi på samfunnskritiske system og tilhøyrande objekt i fylket, og vi skal gjennomføre ein analyse av gjensidig sårbarheit mellom systema og enkeltobjekta i systemkjeda. Vi trur at det vil gi eit kunnskapsgrunnlag som vil vere eit relevant bidrag i vurderinga av betydninga til objekta eller systema, og gjensidige avhengigheiter dei i mellom.

Vi saknar ei vurdering av korleis arbeidet med sikring av objekt og system etter tryggleikslova kan og bør sjåast i samanheng med objektarbeid etter anna regelverk (Forsvarssjefens nøkkelpunktdirektiv og instruks om sikring og beskyttelse av objekt ved bruk av sikringsstyrkar frå Forsvaret og politiet). Vi meiner at det av tryggleiksomsyn er viktig å kunne sjå desse prosessane i samanheng, men vi trur òg at det totalt sett vil effektivisere arbeidet.

I § 52 i utkast til forskrift for verksemdene sitt arbeid med førebyggande tryggleik, går det i femte ledd fram at verksemda har ei meldeplikt til departementet viss den vurderer at den har andre objekt eller infrastruktur som òg vert omfatta, ut over dei som er peikt ut. Det er ei viktig presisering som kan bidra til å skape meir likskap i vurderingane. På same tid meiner vi at det òg bør kome tydelegare fram at departementa har ansvar for å sjå til at vurderingane som vert gjort i størst mogleg grad er avstemte på tvers av sektorane og fylke eller landsdelar. Det er viktig at betydninga til objekta eller infrastrukturen vert likt vurdert, og å unngå at enkelte ikkje vert vurdert i det heile. I utkastet går det ikkje fram korleis departementa skal bidra til lik vurdering.