Høringssvar fra Austevoll kommune 941 139 787

Høyring om endringar for å tillate søndagsopne butikkar

Dato: 28.06.2015

Svartype: Med merknad

 Austevoll kommunestyre har vurdert høyringsnotatet og vil gå imot generell opning for meir sundagshandel.  Grunngjevingane frå kommunestyret er, i tillegg til at sundagen er ein kviledag, at ein er redd det vil svekke handelsnæringa i distrikta om alle får ha sundagsopen herunder store handlesenter.  For Austevoll er det viktig for busettinga at handelsnæringa har gode vilkår og då er kommunestyret redd dette kan føra til endå meir handelslekkasje ut av kommunen.

Austevoll kommunestyre er positiv til auke lokalt sjølvstyre også på dette feltet så delegasjon av mynde innanfor handel frå stat til kommune er positivt.