Høringssvar fra Hordland Bygdekvinnelag

Nei til søndagsopne butikkar

Dato: 15.05.2015

Svartype: Med merknad

Resolusjon frå fylkesårsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag vart vedteken 21.3.2015:

Vi vil at flest mogeleg skal ha fri frå arbeid om søndagen!

  Søndagsopne butikkar :

  • * truar opparbeidde lønsavtalar
  • * aukar klimautslepp som følgje av auka transport av folk og varer
  • * gjev dyrare varer,  noko som går utover forbrukarane
  • * aukar kjøpepress på barnefamiliar
  • * vil medføre stenging av småbutikkane på landsbygda
  • * kan setja press på andre yrkesgrupper, til dømes barnehagetilsette
  • * gjev individuell fridom, men på kostnad av fellesskapet

 Slik situasjonen er i dag, har dei fleste høve til å handla daglegvarer frå kl 7 til kl 23 alle vekedagar. Mange stadar er det også ope om søndagen. Difor meiner vi det er unødvendig å utvide tilbodet. 

La oss støtte fleirtalet av arbeidsgjevarar,  arbeidstakarar og politikarar som går imot søndagsopne butikkar. 

La oss halde på søndagen som eit pusterom frå ei travel veke!