Høringssvar fra Suldal Kommune

Søndagsopne butikkar

Dato: 25.06.2015

Svartype: Med merknad

Sakspapir

 

Sakshandsamar

Arkiv

ArkivsakID

Dagfinn Helland

K2 - J99, K3 - &13

 

15/448

 

 

 

 

Saksnr

Utval

Type

Dato

051/15

Kommunestyret

PS

16.06.2015

 

Søndagsopne butikkar - Høyring

 

 

1.      Rådmannen si innstilling
Suldal kommune ønskjer ikkje at det vert opna for auke i søndagshandelen i Suldal, og ber derfor om at det ikkje vert gjort endringar i helgedagslova slik Kulturdepartementet føreslår.

 

2.      Suldal kommune ønskjer ikkje at kommunane skal få tilbakeført mynde til å gjera vedtak om høve til søndagsope ut over dei unntaka som alt fins i eksisterande lovverk.

 

 

 

Sand, 16.05.2015
Øyvind Valen
rådmann

 

 

Dokumentliste:

HØYRING – FORSLAG OM ENDRINGAR I HELLIGDAGSLOVA FOR Å TILLATE SØNDAGSOPNE BUTIKKER.

Saksopplysningar:

Fakta
Bakgrunn:

Kulturdepartementet føreslår i utsendt høyringsnotat å endra helgedagslova slik at det vert tillate for butikkar å ha ope på vanlege søndagar. Det vert føreslått å halde fram med påbodet om å ha stengde butikkar dei særskilde helgedagane, for høgtidsdagane 1. og 17. mai og for påske-, pinse-, og julaftan frå kl. 16:00.

Regjeringa si grunngjeving for å koma med desse endringane er at tilbod og etterspørsel skal regulera opningstidene. Butikkar skal sjølve kunne avgjerda opningstidene. Dette medfører meir likehandsaming mellom butikkar og bransjar, ei forenkling av reglane slik dei er i dag.

I høyringa ligg det og eit alternativt forslag om at vedtak om opningstider vert lagt til den einskilde kommune.

Høyringsfristen er sett til 30. juni 2015. Høyringsnotatet er vedlagt saka.

Lover, føresegner, rundskriv
Helgedagslova, lov nr. 12 av 24. februar 1995 med seinare endringar

Arbeidsmiljølova, lov nr. 62 av 17. juni 2005

 

Helgedagslova § 5 inneheld i dag et påbod om at faste utgangsstader som sel varer

til forbrukarane, skal halde stengt på heilagdagar.

 

Frå lova:

Ǥ 5 Salg fra faste utsalgssteder

På helligdager skal faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde stengt. På

jul-, påske- og pinseaften skal de stenge kl. 16.

 

Dette gjelder ikke for

1. utsalgssteder som i det vesentlige selger kiosk- eller dagligvarer, og som har en

samlet salgsflate som ikke overstiger 100 kvm

2. bensinstasjoner med en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm

3. utsalgssteder på campingplasser i campingsesongen

4. utsalgssteder på områder som etter vedtak av fylkesmannen regnes som typiske

turiststeder, se sjette ledd

5. salg fra serveringssted

6. salg ved auksjon

7. salg av utstilte gjenstander fra kunstgallerier og lignende

8. salg fra tidsbegrensede utstillinger og varemesser som finner sted i lokaler som

normalt ikke blir brukt til salgsvirksomhet

9. utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler

10. utsalgssteder som i det vesentlige selger lokale husflids- og suvenirvarer

11. utsalgssteder i bygninger for inn- og utsjekking av passasjerer på lufthavner som

har tillatelse til avgiftsfritt salg

12. salg av varer i tilknytning til produksjonssteder mv. som er tilrettelagt for turisme.»

 

I prinsippet kan alle utsalsstader under det nåverande regelverket være opne i

perioden 00.01 måndag til laurdag kveld kl. 23.59. Då trer eit generelt påbod om at faste

utsalsstader skal halde stengt. I tillegg er det i lova definert kva verksemder som har unntak frå påbodet. Vidare eit generelt unntak i helgedagslova § 5 tredje ledd,

som seier at faste utsalsstader kan halde ope de tre siste søndagane før julaftan mellom

kl.14.00 og kl. 20.00. Denne bestemmelsen lovfesta praksis som hadde utvikla seg i

mange kommunar i tilknyting til julehandelen.

Rådmannen har vore i kontakt med Sentrumsgruppa på Sand. Tilbakemeldinga gir uttrykk for at endring av nåverande lovverk ikkje er aktuelt.

Økonomiske konsekvensar
Ingen for kommunen

Gjeldande planar, retningsliner og vedtak
Kommuneplanen for Suldal som har som strategi å styrka Sand som handels- og opplevingssentrum.


Vurdering og konklusjon
Tre ulike alternativ kan vera aktuelle:

1.      Kommunen er negativ til endringar i lovverket som medfører søndagsope butikkar.

2.      Støtta primærforslaget til regjeringa om å tillate butikkar å ha ope på vanlege søndagar.

3.      Støtta regjeringa sitt sekundærforslag der den einskilde kommune sjølv tar avgjerd

om søndagsopne butikkar.

Regelverket er i dag til ein viss grad uthola og gir nokre butikkar høve til å halda ope på søndagar, noko som kan virka konkurransevridande. Rådmannen meiner at dette til nå ikkje har vore noko problem i vår kommune, men ser at dette er ein forskjellshandsaming som kan tala for søndagsopne butikkar.

Undersøkingar, td i andre land, viser at omsetninga totalt ikkje aukar med søndagsopne butikkar. Det som skjer er at handelen flyttar seg meir til helg. Rådmannen meiner at folk sitt høve til å handla vert godt nok tatt i vare gjennom dei opningstidene som er i dag.

Fleire opningsdagar med handel i vår vidstrakte kommune vil heller ikkje bidra til utvikling i ein meir miljøvennleg retning.

Rådmannen ser det som ein stor fordel med lova slik den er i dag med at ordinære søndagar er annleis dagar der familiar og vener i stor grad har fritid saman. Det opnar for fritidsaktivitetar som har positiv effekt på folkehelsa, familiesamhald og høve til å vera meir aktiv i friviljuge samfunnsaktivitetar, oppsøkja kulturaktivitetar og ulik arrangement. Dette er ei utviding av omgrepet helgedagsfred som er av stor betyding i samfunnet.

Til det alternative forslaget om lokal avgjerdsrett:

Dersom varehandelen i ein kommune held ope om søndagen, vil det vera vanskeleg for nabokommunane å halde seg passive til det. Kommunar som ikkje har søndagsope kan fort oppleva handelslekkasje til nabokommunar med søndagsopne butikkar. Av den grunn vil rådmannen rå frå at den einskilde kommune får avgjerdsrett innaføre dette lovområdet.

 

Etter ei samla vurdering vil rådmannen rå til følgjande:

Suldal kommune ønskjer ikkje at det vert opna for auke i søndagshandelen i Suldal, og ber derfor om at det ikkje vert gjort endringar i helgedagslova slik Kulturdepartementet føreslår.

 

Suldal kommune ønskjer ikkje at kommunane skal få tilbakeført mynde til å gjera vedtak om høve til søndagsope ut over dei unntaka som alt fins i eksisterande lovverk.

 

 

Kommunestyret - 051/15
K - handsaming:

Samrøystes vedteke i samsvar med innstillinga

 

 

K: vedtak


1. Suldal kommune ønskjer ikkje at det vert opna for auke i søndagshandelen i Suldal, og ber derfor om at det ikkje vert gjort endringar i helgedagslova slik Kulturdepartementet føreslår.

     2. Suldal kommune ønskjer ikkje at kommunane skal få tilbakeført mynde til å gjera vedtak om høve til søndagsope ut over dei unntaka   som alt fins i eksisterande lovverk.