Høringssvar fra Ruben Håvik

Nei til sundagsopne butikkar

Dato: 29.05.2015

Svartype: Med merknad

Den norske modellen for arbeidsliv innber blant anna at me i Noreg har nokre felles fridagar, sundagen er den dagen i veka då me som samfunn som hovudregel skal ha fri i fellesskap. Det å opna for sundagsopne butikkar på ein generell basis vil etter mi meining føra til at me etter kvart vil miste denne felles fridagen. Regjeringa snakkar om at dei er for folk si valfriheit, men vil ta frå butikkansatte moglegheiten til å ha fri på sundagar. Man snakkar om at dette vil vere bra for studentar som ynskjer å jobba ved sidan av studiane, men dei aller fleste studentar som jobbar gjer dette fordi at studiestøtta er for låg.
Eg har sjølv jobba i butikk og me som jobba der prisa oss lykleg for at me hadde ein dag i veka der me slapp å måtte gå på jobb, men heller kunne slappa av heime saman med familie eller vener. Sundagsopne butikkar vil leggje eit større press på forbrukarane for å handla på desse dagane og vil i ytterste konsekvens, trur eg, føra til at andre arbeidsplassar må halde opent på sundagar. Me har allereide fem dagar i veka der me kan handla matvarer frå 7 til 23 og om ikkje det er nok kan me koma inn på laurdagen og handle frå 7 til 22 dei aller fleste plassane, me har ikkje behov for ein dag til med opne butikkar.