Høringssvar fra Meland Arbeidarparti

Nei til endringar i heilagdagslova

Dato: 29.06.2015

Svartype: Med merknad

Regjeringa har send eit forslag om søndagsopne butikkar ut på høyring. Høyringsfristen er 30. juni og saka var oppe i Meland kommunestyre 17. juni.

I forslaget frå regjeringa er det to framlegg ein skal ta stilling til:

  • Endring i heilagdagslova slik at alle butikkar kan halde ope på vanlege søndagar (ikkje på dei 10 særskilte heilagdagane pluss 1. og 17. mai).
  • I tillegg blir ein beden om å svare på om den einskilde kommune skal kunne avgjere dette.  

Meland AP vil gå i mot å endre heilagdagslova slik at vanlege butikkar kan halde ope på sundagar. Mykje av fellesskapen rundt familiar og elles i lokalsamfunnet er basert rundt helga, og spesielt søndagen, som ein fridag. Vi ønskjer å bevare søndagen som ein annleis dag, der samvær med familie og arbeid i lag og organisasjonar er kjernen i eit godt lokalsamfunn.

Fem gonger så mange menneske må jobbe om søndagen dersom forslaget frå regjeringa vinn fram. Totalt vil søndagsopne butikkar ramme 290 000 arbeidstakarar, 245 000 av desse innan varehandel og 45 000 utanfor den tradisjonelle varehandelen. Interesseorganisasjonen Frivillighet Norge stadfestar at dette vil ramme det frivillige arbeidet hardt. Deltakinga i frivillig arbeid har auka i takt med at fleire har fått meir fritid.

Eit hovudargument frå den blå-blå regjeringa er meir fridom til forbrukarane. Men i undersøkingar seier så mange som 7 av 10 at dei ikkje ønskjer å gå i butikken om søndagen (SIFO-rapport). I dag har daglegvarebutikkar under 100 m lov å halde ope om sundagen, noko som gjer det mogleg å handle det mest naudsynte om søndagen for dei som ønskjer dette. Heller ikkje mellom dei næringsdrivande er det støtte å hente for forslaget, noko som m.a. kjem fram i eit ope brev til regjeringa som Virke Dagligvare og Virke Mote og fritid har signert. Virke er næringslivets nest største hovudorganisasjon og representerer over 19 000 verksemder. Brevet er også underskrive av mange store frivillige organisasjonar.

Meland AP stemte i mot dei føreslåtte endringane i heilagdagslova når Meland kommune uttalte seg i høyringa. Vi vil og seie nei til at den einskilde kommune skal avgjere dette. Vi oppmodar organisasjonar og privatpersonar til å gå inn på Kulturdepartementet si side og uttale seg i den opne høyingsrunden innan fristen 30. juni.

JA til søndag som ein annleis dag – NEI til søndagsopne butikkar!

For Meland AP
Øyvind H Oddekalv
ordførarkandidat