Høringssvar fra Håvard Fosså gartneri / Håvard Fosså

Effekten på mindre bedrifter i forsyningskjede

Dato: 14.05.2015

Svartype: Med merknad

Vi dreiv eit mindre gartneri med nisjeproduksjon av blomar, ei næring som leverer varer til hagesenter, som er ei næring som lenge har hatt unntak frå lukkingslova, og difor har hatt søndagsopent. Sidan hagesentera har søndagsope, forventer dei og at forsyningskjeda bakom er på vakt, noko som i praksis for oss som lita familebedrift betydde at vi var på jobb alle helger, og helligdagar så nær som 17. mai frå påske til slutten av juni.

"Det er ingen som blir tvinga til å halda ope på søndag" vart det sagt.  Ein søndag i mai eit år hadde vi vore heime på vakt i tilfelle det kom bestillingar.  Vi hadde ein liten seglbåt den gongen, og hadde lova ungane at om det ikkje kom bestilling av blomar før klokka 14, skulle vi dra på tur.  Det kom ingen bestillingar.  Då vi hadde kledd oss, pakka mat og stod klar i gangen til å reisa på tur, fekk vi ei bestilling frå ei større hagesenterkjede.  Vi valde då å skuffa hagesenterkjeda i staden for ungane.  I etterkant fekk vi beskjed at fordi vi tok det valet vi gjorde, ville vi bli boikotta for resten av sesongen.

Vi unner faktisk ungane til dei som arbeider i varehandelen å veksa opp med foreldre som har fri på søndagen, sjølv om ungane våre i store deler av barndommen måtte lida for det vi i praksis vart tvinga til.

Det høyrer til historia at vi ga opp drifta for tre år sidan.