Høringssvar fra Karoline Stette

Nei til søndagsopne butikkar!

Dato: 29.05.2015

Svartype: Med merknad

Nei til søndagsopne butikkar!

Vi treng éin annleis dag i veka utan kjøpepress og den auke i trafikk, støy og stress det medfører. Med dei opningstidene som er ellers i veka kan ein handle alt ein treng, og vi har allereie "Brustadbua" om det knip om. Typiske turiststader får òg ha søndagsopne butikkar.

Dei butikkansatte treng ein fridag i veka og om så mange skal jobbe søndagar vil det tvinge fram søndagsope i andre bransjar også, t.d. barnehagar.

Det er eit dårleg argument at dette opnar for jobbar for studentar o.l. Det vil mest sannsynleg føre til auka matvareprisar til dømes ettersom driftskostnader for butikkane aukar.

Dette må avgjerast sentralt og ikkje per kommune, då presset på nabokommuner vil bli stort.