Høringssvar fra Jorunn Havro

Eg er i mot sundagsopne butikkar

Dato: 29.06.2015

Svartype: Med merknad

Eg trur det er klokt for eit land å ha ein felles dag i veka der "dei fleste" har fri. Folket og landet treng ein kviledag kvar veke. Ein kviledag der ein kan møtast, dela på gleder ved felles turar, måltid, opplevingar. Så langt det let seg gjera bør så mange som råd er, få halda ein kviledag felles kvar veke. Sunne sjeler, sunne kroppar, sunt fellesskap er viktig å utvikla, dyrka - i eit levande demokrati.