Høringssvar fra Jonas Rogne

Nei takk til generell søndagsåpning

Dato: 29.06.2015

Svartype: Med merknad

Eg synest det er ein dårleg idé å opne for meir handel på søndager. 

For det første vil det verte dyrare å drifte varehandelen med ein ekstra dag med drift. Dette kan dekkast inn på fire måtar: Redusert inntening til eigarane, auka forbruk, auka pris aller lågare lønn til dei tilsette. Sannsynlegvis ver det ein kombinasjon, og eg trur ikkje at det er det første punktet som vil ta den kraftigaste støyten.

For det andre vil auka forbruk og auka del av arbeidsstyrken på jobb på søndager føre til større miljøbelasting også denne dagen. Og me treng fleire i jobb i andre arbeidsgrupper på søndag óg, ikkje berre tilsette i varehandel. Vektarar, bussjåførar, parkeringsvakter, vaktmester, kan hende etter kvart barnehagetilsette óg? Alt dette vil bidra til kostnaden, som igjen må betalast på andre måtar. (Sjå forrige avsnitt).

Det er ikkje så enkelt som å seie at dei butikkane som ikkje vil halde ope kan la vere. For det første er mekanismene i samfunnet slik at det som er mogleg å nytte vil bli nytta, slik at kundar kjem til å handle på søndag (slik som ein ny motorveg raskt vert fylt opp med nye bilar og fort blir like overfylt som den gamle). Og handlemønster heng saman, så om ein kunde først er innom ein butikk på søndag, vil kunden fort hamne der på tirsdag óg.

Så vidt det er debattert i massemedia har eg vondt for å sjå at dei som er for generell søndagsopning har kome med eit einaste verkeleg argument (og det har vore rikeleg høve til det). Derimot står det klart at det store fleirtalet av folk, næringsliv og arbeidstakarorganisasjonar står samla mot forslaget. 

Det vert hevda at fridom for forbruker er viktig. Men dei fleste forbrukarane er imot denne "fridomen" (sjå førre avsnitt). Og ein fridom for eit enkeltmenneske slutter idet den berører andre sin fridom. Og når auka opning potensielt fører til auka miljøbelastning, svekka arbeiderrettar, bortfall av småbutikkar og lågare snittlønn er det i mine auge uaktuelt å gjennomføre eit slikt "fridomsløft".

Det vert hevda at dette er "det demokratiet har valgt". (Statsministeren i Dagen - 24. juni). Det er tull. Det var ikkje ei sentral valgkampsak, og som ho sjølv hevder er det  FrP, H og til dels Venstre som er for. Det er IKKJE fleirtal.

Med ønske om hell og lukke i jobben med å parkere dette forslaget,

Jonas Skartveit Rogne