Høringssvar fra Eva Waage

Nei til søndagsopne butikkar

Dato: 30.06.2015

Svartype: Med merknad

Eg er imot forslaget som regjeringa har sendt ut på høyring om at butikkar skal kunna haldast opne på søndagar.

Samfunnet treng å halda fast på ein felles kviledag og fridag, ein dag som er anleis enn andre dagar i veka der ein kan m.a. kan roa ned, vera nær som familie og få tid til å møtast i ulike samanhengar. Å handla kan me gjera  dei andre dagane i veka. Denne eine handlefrie dagen er med og roar ned samfunnet, og det trengs verkeleg i denne tida som er så prega av stress.

Eg er òg imot forslaget frå Venstre om at kommunane sjølve skal kunna bestemma om butikkane skal kunna haldast opne. Her vil nok marknadskreftene styra, og det vert vanskeleg å stå imot søndagsopne butikkar i eigen kommune dersom eventuelt nabokommunen held butikkane opne på søndagane.

Lat oss få ha ordninga slik ho er i dag.