Høringssvar fra Askvoll kommunestyre

Sundagsopne butikkar - høyring frå Askvoll kommunestyre sak K 47/15

Dato: 29.06.2015

Svartype: Med merknad

Askvoll kommune støttar ikkje endringane som er føreslegne, korkje primærforslaget eller sekundærforslaget.

Askvoll kommune meiner det ikkje er føremålstenleg eller trong for liberaliseringar som legg til rette for meir søndagshandel utover det som er lovleg idag.

Askvoll kommune meiner tvert om at det er viktig å avgrense kommersiell aktivitet på søndagar. Slike grenser bidreg til å bevare søn- og heilagdagar som annleis enn vanlege kvardagar. Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og ei vidareføring av denne dagen som ein annleis dag er ein viktig samfunnsverdi – og viktig for livsrytmen til folk flest.

 

Askvoll kommune meiner det er sannsynleg at regjeringa sitt forslag til liberalisering vil ha store konsekvensar for familieliv, arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor.

I departementet sine vurderingar (7.1 Vurderinger) vert det vist til at departementet sitt forslag om å bygge ned reguleringa av butikkane sine opningstider på søndagar har som utgangspunkt at tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulere butikkane sine opningstider. Ytterlegare avregulering av opningstidene vil føre til større grad av likebehandling mellom butikkar, og det vil bidra til forenkling av regelverket. Forbrukarane vil sjølve kunne avgjere når dei ønskjer å handle, og butikkane kan sjølve vurdere kva opningstider dei vil tilby.

 

Askvoll kommune er ikkje einig i at tilbod og etterspørsel egnar seg betre enn lovverket til å regulere opningstidene. Askvoll kommune meiner det er viktig at regulering av opningstidene ikkje åleine vert avgjort av tilbod og etterspørsel, men at omsynet til søndagen som ein annleis dag, folk sitt behov for ein felles kviledag, helgedagsfreden og arbeidstakarane sitt behov for ein fridag saman med vener og familie, vert sikra gjennom ei vidareføring av dagens lovverk. Askvoll kommune meiner regjeringa sitt forslag om liberalisering av heilagdagslova legg til rette for ei grunnleggande samfunnsendring som vi ikkje ønskjer. Formålet med heilagdagsfreden er m.a. å bidra til at flest mogeleg får høve til å ha helgefri og sikre at ein dag i veka er annleis enn kvardagane. Askvoll kommune meiner det er viktig å skjerme ein dag i veka for kommersiell aktivitet, slik at ein sikrar fleire av arbeidstakarane i varehandelen fri på søndagar. For mange er dette ein viktig del av kampen for rett til eit familieliv. I punkt 9.5.4 i høyringsnotatet vert det peikt på at nokre vil oppleve det som ei bør å måtte arbeide på søndagar. Varehandelen er stor og representerer over 65 000 bedrifter med 370 000 tilsette.

Askvoll kommune meiner regjeringa sitt forslag er uheldig fordi det er mindre sannsynleg at alle desse arbeidstakarane vert sikra søndagsfri.

Ifølgje punkt 9.5.2 i høyringsnotatet kan regjeringa sitt forslag til endringar føre til ”større og færre vareutsalg og at mer av handelen flytter inn til kjøpesentre”. Regjeringa sitt forslag kan ifølgje departementet føre til ”en omstrukturering i bransjen og avskalling av de minst lønnsomme bedriftene”. Erfaringar frå Danmark viser at liberalisering av regelverket og meir søndagsope har ført til at omsetjing har flytta frå mindre butikkar til dei større.

Askvoll kommune fryktar at regjeringa sitt liberaliseringsforslag vil slå beina under mange av nærbutikkane i distrikta. Mange av distriktsbutikkane er vel mellom ”de minst lønnsomme bedriftene”. For mange er marginane små. Viss lokalbutikkane vert lagt ned, forsvinn samtidig ein viktig del av grunnlaget for busetnaden i lokalsamfunnet. Det er brei politisk semje om at distriktsbutikkane har mykje å seie for å oppretthalde busetnaden, og Askvoll kommune meiner det vil vere uklokt å liberalisere regelverket og med det leggje til rette for ei utvikling som kan svekke busetnaden i distrikta.

 

 

Askvoll kommune kan ikkje sjå at dei føreslegne lovendringane vil bidra til foreinkling eller mindre arbeid for offentlege instansar.

Askvoll kommune viser til dei sterke motførestillingane som pregar den offentlege debatten rundt regjeringa sitt forslag. Askvoll kommune meiner arbeidstakarane-, næringa-, miljøorganisasjonane-, frivillig sektor-, kyrkja- og andre sine motførestillingar bør vege tungt i vurderingane.

I høyringsnotatet vert det under 9.6 vist til at Handelens samarbeidsutval (HSU) har lagt fram ein rapport om miljøkonsekvensar av søndagsopne butikkar. Denne viser at truleg vil fleire reise på jobb på søndagar enn tidlegare, energiforbruket vil auke og det vert noko meir varetransport. Sjølv om det i høyringsnotatet vert peikt på usikkerheit knytt til punktet om behovet for auka varetransport, meiner Askvoll kommune det er svært sannsynleg at regjeringa sitt forslag vil kunne føre til auka miljøbelastning fordi energiforbruket vil auke, og det vert fleire jobbreiser på søndagar.

Når det gjeld departementet sitt sekundærforslag, det alternative forslaget til endringar i heilagdagslova, åtvarar vi mot denne løysinga ut frå ei vurdering av spørsmålet om søndagshandelen som eit nasjonalt spørsmål: Det er viktig at heile befolkninga i Noreg får behalde søndagen som annleis dag og i framtida.

Askvoll kommune syner elles til argumenta som vert presenterte mot denne løysinga i høyringsnotatet. Lokalt avgjerdsmynde vil kunne føre til ulikskapar mellom kommunar, det kan verke uheldig for næringsdrivande som kan oppleve handelslekkasje til konkurrentar, og forbrukarar kan oppleve ulik tilgang på varer. Kommunalt avgjerdsmynde kan føre til uheldig konkurransevriding og det kan auke kommunane sine arbeidsoppgåver.

Askvoll kommune meiner det er naivt å tru at kommunane vil oppleve reell valfridom viss avgjerdsmyndet vert lokalt. Marknadsmekanismane fungerer slik at konkurransesituasjonen raskt vil ta frå kommunane sjansen til å ta sjølvstendige avgjerder.

Dersom det er trong for ei meir prinsipiell tilnærming og større grad av likebehandling av ulike aktørar i næringa, rår Askvoll kommune regjeringa til å vurdere innstrammingstiltak som hindrar at dagens opningstidsreglar vert omgått.