Høringssvar fra Randi Olsen

Uttale om søndagsope

Dato: 30.06.2015

Svartype: Med merknad

Eg seier nei til å opna for generell søndagshandel. Det vil truleg verta øydeleggjande for handelen i distrikta, der lokale kjøpmenn ikkje vil kunna stå imot dei store kjøpesentra som ligg kring små og store byar. Og då snakkar eg ikkje berre om det vesle samvirkelaget i bygda der folk handlar daglegvarer, men butikkar/handelsmenn i mindre tettstader som strevar med å halda hovudet over vatnet i kampen mot kjøpesenter nokre kilometer/mil unna.

Søndagsopne butikkar vil føra til større kjøpepress, særleg for unge som er meir enn nok pressa frå før, meir bilkøyring, miljøet vil ikkje ha godt av det, og kjøp, bruk og kast-problemet vil auka. Når det også vert nemnt at omsetnaden truleg ikkje vil gå særleg opp, me vil handla det samme, men på fleire dagar, så går vinninga opp i spinninga.

Me veit at enkelte yrkesgrupper må jobba om søndagane. Men det har stort sett med liv og helse å gjera og kan ikkje samanliknast med handel og vandel i helgane.

At flest kvinner jobbar i butikkane, har vore nemnt av fleire. Det einaste godet med å opna for søndagshandel er at fleire ungdommar/studentar kunne fått seg helgejobb. Men det vil uansett ikkje vera tilstrekkeleg med ungdommar til å fylla alle ekstra jobbane, og dermed er det dei faste som må trø til.

Når det er så openberrt at det store fleirtalet i folket ikkje vil ha denne søndagshandelen, bør heile saka leggjast bort. Det tener ikkje til Regjeringa sin fordel å trumfa gjennom denne saka. Det er rett og slett ein svært dårleg idé.