Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høringssvar fra Håkon Remøy

Sundagsopne butikkar - nei takk!

Dato: 14.05.2015

Svartype: Med merknad

Ein bør ikkje gje slepp på sundagen som fridag i Noreg, av fleire grunnar: for somme er sundagen heilag, medan for andre er dagen eit høve til eit avbrekk frå det daglegdagse stresset. Det er òg lettare å få til ei familiesamling på sundagen, og det å sjåast iblant er nok bra for folk flest. 

Eg ser ogso sundagen som ein dag for demokratiet, gjev ein slepp på sundagen, vil det verte vanskelegare for folk flest å engasjere seg i diverse friviljuge og politiske organisasjonar, då ein ofte legg ein del møte til helgane. 

Eg meiner at ei endring av denne lova, til å tillate sundagsopne butikkar, vil vere eit brot imot § 2 i Grunnlova: "Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane."

Eg vonar at ein ser at sundagsopne butikkar vil vere eit brot mot både den kristne og humanistiske arven vår, og ikkje minst ei innskrenking av demokratiet. 

 

Til toppen