Høringssvar fra Masfjorden kommune

Framlegg om endring av heilagdagslova - søndagsopne butikkar

Dato: 25.06.2015

Svartype: Med merknad

Kommunestyret - 046/2015:

Det er gjort følgjande vedtak i saka:

Til primærframlegget:

"Masfjorden kommune støttar ikkje regjeringa sitt framlegg til endringar i heilagdagslova som opnar for søndagsopne butikkar, og som er gjort greie for i høyringsnotat 15/1432 datert 27.03.15.Masfjorden kommune vil at ein opprettheld gjeldande lovkrav."

 

Til sekundærframlegget:

"Masfjorden kommune tilrår ikkje at ansvar for å bestemme utvida opningstid for utsalsstader med omsyn til §5 i heilagdagslova vert overført til kommunane. Masfjorden kommune vil at lovregulering på området skal styrast sentralt og vera lik for alle kommunar."