Høringssvar fra Rasmus S. Haukedal
NEI til sundagsopne butikkar
Regjeringas sitt forslag om sundagsopne butikkar er drive av nyliberalistiske tankar om at auka grad av tilgjenge av ulike produktar er eit slags mål i seg sjølv, og dei frontar dette som "auka fridom"; spørsmålet er i slike høve: frdiom for kven? Fridom for arbeidaren som er tvungen til å arbeide enno ein dag av veka? Fridom for konsumentane som har enno ein dag kvar dei kan verte jaga frå tilbod til tilbod og pressa til å gjere smarte val som konsumentar? Fridomen Solberg proklamerar er i beste fall overfladisk, i verste fall falsk; ho neglisjerar ein meir grunnleggane fridom -- fridom til medbestemming (autonomi), når ho på arrogant vis seier at folket -- som ho skal representera -- kjem til å akseptera forslaget so for det vert innført (implisitt: vi er bakstreverske som ikkje ser kor gunstig det er med sundagsopne butikkar). Ikkje særleg demokratisk