Høringssvar fra Staurset AS

Distrikta blir skadelidande.

Dato: 24.06.2015

Svartype: Med merknad

Det at ikkje denne regjeringa skjønar sitt aller beste, går igjen gong på gong. Søndagsope butikkar har konkurransevridande aspekt i seg, og er direkte distriktsfiendtleg, og det har ikkje denne regjeringa skjønt som BURDE vere opptatt av næringslivet totalt i Norge, og ikkje kun i dei største byane. Plastposeavgift og søndagsope butikkar har ein ting felles, dei er med å utarme butikkar og næringsliv utanfor dei største byane. Det går direkte på bunnlinja til butikkar hvis begge dei to aldeles haudelause forslaga hadde gått i gjennom. Det at ikkje regjeringa skjønar det, gjer at eg set eit stort ? med heile regjeringa. Kva er det dei ikkje skjønar? At dei nok ein gong har vist ein arroganse som folket straffar dei for, og kvifor? Det er aldeles utruleg at de i det heile tatt prøvar å få det til utan at folket vil det? Hvis de vil behalde regjeringsmakta vidare etter 2017 så bør de kome ned på landjorda å kjempe for andre ting enn dette. Dette har berre gjort folk som driv noko her i landet utanfor byane, berre meir frustrerte og forbannet, og dei føler at regjeringa ikkje prøvar å ta tak det som betyr noko, men heller vil pålegge næringslivet fleire byrder som regjeringa ikkje skjønar konsekvensen av vidare for den enkelte bedrift. Er sjølv medlem av ein frittståande kjede som omfattar Lindesnes i sør til Nordkapp i nord med over 190 bedrifter, og ikkje ein bedrift verken i byane eller distrikta er for noko søndagsope. Det bør vere grunn god nok til at dette forslaget berre blir lagt i skuffa og aldri kjem oppatt derifrå og blir liggande. Lykke til med å ta til vetet, dersom de fortsatt ikkje har skjønt teikninga, på kva folket meinar om forslaget til Høgre og FrP. Reknar med at Venstre og Kr.F ikkje er med på dette vidare.