Høringssvar fra Os Venstre
Søndagsopne butikkar er ikkje økonomisk lønssamt
Som styremedlem i Os Venstre og som privatperson ser eg inga nytte i søndagsopne butikkar gjennom heile året. Den eine kviledagen frå kjøring og handling kan vi klara oss godt utan; fordi: 1. Det er ikkje miljøvenleg å ha søndagsopne butikkar. 2. Det er ikkje familievenleg å gå på shopping. 3. Det kan ikkje vera økonomisk rekningssvarande å ha søndagsopne butikkar med betjening som skal ha løn inkl helgetillegg. 4. Etter mi meining vil handelen då bli fordelt på 7 dagar i stadenfor 6 dagar som no., dvs ingen økonomisk gevinst.
Uansett så har vi som kundar den same løna å bruka på shopping. Eg meiner at søndagen kan vi bruka på ein sunnare og meir familievenleg måte i vår ellers så travle kvardag.
Eg er mot søndagsopne butikkar i Noreg.