Høringssvar fra Gina Digernes

nei til søndagsope!

Dato: 30.06.2015

Svartype: Med merknad

Hei! 

Eg vil bere meddela at eg ikkje på nokon måte ynskjer at regjeringen på noko tidspungt innfører søndagsopne butikkar i Noreg! 

Eg er sterkt i mot forslaget og synast det er på tide regjeringa vaknar.  Me lever i eit demokratisk land, bør ikkje då demokratiet ha noko å seia? Eg har til dags dato tilgode å snakka med både privatpersonar og handelsmenn som ynskjer denne ordninga. 

Her eg kjem i frå vil dette bety liv eller død for butikkane våre. Det vart innført ope til langt utpå kvelden for fleire år sidan, noko som er meir utgift enn inntjening for burikkana. Butikkar som må ha det pga kjeden seier dei skal, og fordi ellers vil folk kjøra av øya for å handla. Er det slik det skal vera?

Mange arbeidsplassar går tapt og små samfunn vil bli fråflyttet og lagt dødt.. Det i og for seg ville nok passa regjeringas sentraliseringspolitikk, men nok om det... 

Konsekvensane av å ha søndagsope er etter mitt syn stor. Familiar får ein enda større stressfaktor enn dei alt har då det vert mindre tid saman. Ungar som veks opp no har allereie alt for lite tid saman med travle foreldre som må arbeida kvar dag slik at ikkje familien svelt ved bordet.. Foreldra får ikkje tid å slappa av og vil til slutt verta utbrent.. ei stor utgift for staten og eit stort tap for barna som må veksa opp.. men det er  kanskje ikkje så nøye? Utgiftsposten er vel frå eit anna budsjett..

Eg forstå ikkje kvifor regjeringa på død og liv absolutt skal innføra noko som ingen vil ha? Er det så travelt å sitta i regjering at ikkje De kan gå på butikken når det er ope? Klart alle må ha mat, me veit De det at feks Kiwi har ope 7-23..?? Mandag til fredag. Og laurdag 8-21.. og det i ei lita bygd.. Ingen abeider så mykje at ikkje det lar seg gjera..

Eg forventar ingen svar på kvifor ikkje demokratiet får ha noko å seia i saken. Men eg merkar meg godt kva parti eg ikkje skal stemma ved neste val..sjølv om det då er for seint... 

Lukke til med sentraliseringa og raseringa av små og store samfunn!

Mvh Gina