Høringssvar fra G. Bjørndal

Nei til søndagsopne butikkar

Dato: 30.06.2015

Svartype: Med merknad

Mitt standpunkt er klart: NEI til søndagsopne butikkar, og JA til friluftsliv, familieliv, rolege dagar, frivilleg aktivitet osv på søndagane.

Ei oppfordring til partiet for "folk flest": høyr på folket - som IKKJE ønskjer søndagsope - og til partiet som ikkje ønskjer å overkøyra folket - høyr på folket, på kommunane, på næringslivet - som IKKJE ønskjer søndagsope.

Frihet er viktig, også i denne saka. La derfor folk få behalda sin frihet til å ikkje jobba, frihet frå kjøpepress og pengebruk, frihet til å vera saman med familie og venner, frihet til ein annleis dag, frihet til å ha fri når andre har fri osv.

Å la kommunane avgjera dette kan vel neppe kallast anna enn feigt. Vil de absolutt innføra dette, er det minste at de tek ansvaret for det sjølv og ikkje skubbar det over på andre. De veit veldig godt at mykje handlar om press og frykt - frykt for å tapa nokre kroner, tapa i ein hard konkurranse osv. La både kommunar og butikkeigarar sleppa denne frykten ved at de seier NEI til søndagsopning. De vil gjera det norske folk ei stor teneste ved å forkasta denne saka.

Kven skulle tena på at butikkane er opne - ikkje berre til seine kveldar 6 dagar i veka, men også søndagane? Ingen! Inntektene aukar ikkje, dermed heller ikkje kjøpekrafta, og dermed heller ikkje butikkane sine inntekter. Tvert imot, dei må fordela den på fleire opningstimar og større lønnsutgifter, som til slutt heller gjev mindre enn større avanse. Kven vil det gå utover? Kundane, som må betala meir for varene. Dermed er ein inne i ein negativ spiral, og vinninga har meir enn godt opp i spinninga...

Legg bort stoltheten denne gongen og lytt til folket. La oss få ha den friheten me har i dag. Fleire valgmulighetar er ikkje nødvendigvis alltid lik større frihet - i denne saka er søndagsstengte butikkar frihet for folket!