Høringssvar fra Atle Weibell

Høyringsfråsegn til Forslag om endringer i helligdagsloven for å tillate søndagsåpne butikker

Dato: 28.06.2015

Svartype: Med merknad

Eg vil med dette framseia eit tydeleg NEI til endringsframlegget, både det primære og det subsidiære.

Sundagen er ein raud dag i kalenderen, fordi han er spesiell. I gamal tid var det den dagen bonden med godt samvit kunne setja seg ned og kvila. I vår tid sit me alt for mykje stille og kviler (kroppen) dei andre dagane, og treng sundagen til å koma oss ut.

Ein ekstra dag med handel er ikkje svaret på ein einaste av utfordringane me står overfor i samfunnet. Det er skuffande at #minregjering sløsar bort ressursar på å arbeida for dette.

1. Familie, kultur og idrett
– Mange arrangement vert lagde til sundagane. Det vil vera eit stort tap for det frivillige arbeidet som vert drive rundt i landet, om frivillige trenarar, dommarar, dirigentar, vaffelsteikarar, stolbærarar osb må på jobb i butikken, og ikkje lenger kan bidra. For ikkje å snakka om foreldre som ikkje kan fylgja ungane sine på kamp/konsert/teaterframsyning fordi dei må på jobb i butikken.

– Familiane treng ein dag som er rolegare, kor det ikkje er noko press om å reisa på handletur, korkje i eigen kommune eller til nabokommunen. For familiar der EIN av medlemane jobbar i butikk vil sundagen ikkje lenger vera tilgjengeleg som ein samlande dag. Det hjelper lite om t.d. mor har fri ein dag midt i veka, når ungane er på skulen og mannen på jobb. Skilsmissestatistikken og alt fokuset på "tidsklemma" talar for at me treng fleire tiltak som SAMLAR familiane, ikkje enno meir som spreier.

2. Milijø
– Det er liten tvil om at dette framlegget er svært negativt for miljøet. Energiforbruket kjem til å auka kraftig når alle butikkane skal ha lys ein dag ekstra i veka, alle dei tilsette skal køyra til jobb (kollektivtilbodet er aldri så dårleg som på sundagane – ein eg kjenner måtte køyra sonen 22 km til jobb på eit hagesenter kvar sundag, fordi bussen ikkje gjekk før lenge etter at butikken opna), og ikkje minst alle kundane som køyrer til butikkane.
– I tillegg vil ein ekstra ometjingsdag vera med på å byggja opp under det allereie enorme forbruket i dette landet, som i seg sjølv er eit miljøproblem.

3. Distriktspolitikk
– Sundagsopne butikkar vil vera dårleg disitrikspolitikk. Som det står i framlegget er butikksjefane i distrikta negative, og fryktar handelslekkasje. Det er klart at ein fridag utan andre plikter (for dei som ikkje jobbar i butikk) vil vera ein dag det er fristande å køyra til næraste større sentrum for å handla, og då tek ein gjerne ein storhandel, og så vert det redusert omsetjing på den lokale butikken.

4. Folkehelse
– Det vert sagt at rekruttane som kjem inn i Forsvaret er i stadig dårlegare form. Overvekt er eit aukande problem, og stillesitjing er ein av dei største trugslane for folkehelsa i landet vårt. Då verkar det meiningslaust å gjera framlegg om å opna masse butikkar på den dagen som framleis er 'disponibel' for friluftsliv og fysisk aktivitet. Lat oss halda den som han er, og ikkje øydeleggja han med shopping!

5. Økonomi
– Tilsette som jobbar sundagar har krav på helgedagstillegg. Dette må sjølvsagt dekkast av butikkeigarane, men desse er neppe interesserte i redusert inntening, og fylgjeleg må dei setja opp prisane – eet er liten grunn til å tru at daglegvarehandelen vil auka den totale omsetjinga vesentleg som fylgje av ein ekstra opningsdag, slik at dei kan dekkja inn auka lønskostnader den vegen. Om så skulle vera tilfelle er det i seg sjølv eit sterkt argument MOT å innføra denne endringa, sidan me allereie kastar store mengder mat i private hushaldningar, og slett ikkje har behov for å handla meir.

6. Behovsprøving
– Treng me ein ekstra handledag? Eg ser ingen gode grunnar til det, og kan ikkje sjå at framlegget presenterer nokon vektige grunnar forutan den ideologiske marknadsstyringstanken.
–  Eg minnest ei tid då daglegvarebutikkane stengde typisk kl 13 på laurdagar. Dei fleste greidde å skaffa seg mat for helga på den tida òg. No er det "normale" for daglegvarebutikkar i meir eller mindre sentrale strok å halda ope frå 7-23, og vanlege butikkar har ofte ope til kl 19 og 20 på kvardagar. Det ein ikkje får prioritert å handla inn i desse opningstidene greier ein seg nok utan.

 

med venleg helsing

atle weibell