Høringssvar fra Olaf Aagedal

Søndagsopning av butikkar er ei negativ samfunnsutvikling

Dato: 30.06.2015

Svartype: Med merknad

Søndagsopning av butikkar er meir enn eit praktisk økonomisk spørsmål. Det er ei endring som grip inn i vår måte å leve på. Eg meiner både som privat-person og kulturforskar at vi har behov for ein rytme i tilværet med eit tydleg skilje mellom arbeid og fritid, helg og yrke. Dette gjeld uavhengig av religion. For meg er det viktig som far å lære barna mine å verdsetje dette skilje og å kunne leve i ein nasjon og eit lokalsamfunn som stør opp under menneske sitt behov for veksling mellom arbeid og kvile. Eg bur ikkje langt frå ei stor handlegate og tanken på at tråkket skal fortsetje der også på søndagen er lite lysteleg. Kulturen er til for å stø opp under det gode liv og derfor synest eg det er sjokkernande at Kulturdepartementet på tvers av tradisjon og folkemeining går inn for ei slik endring: Eg vonar i det lengste at regjeringa har vet til å snu i denne saka.

Mvh Olaf Aagedal