Høringssvar fra Bjørgvin biskop og bispedømeråd

Dato: 13.05.2015

Svartype: Med merknad

Svar på høyring, forslag om endringer i helligdagsloven for å tillate søndagsåpne butikker.

 

Bjørgvin biskop og bispedømeråd vil sterkt gå i mot å endra «helligdagsloven» for å tillata søndagsopne butikkar.

Søndagen er i vår norske tradisjon både «heilagdag» og «kviledag», reservert til gudsdyrking og rekreasjon. Den felles kviledagen er noko av det som gjer ei samling individ til eit samfunn, der ein har funne saman på eit grunnlag prega av skikkar, verdiar og tradisjonar. Eit samfunn er mykje meir enn ei tilfeldig samling individ.

På tvers av alt som elles skil oss bør det vere mogeleg å sjå verdien av ein annleis vekedag der samfunnet ikkje berre opnar for, men også inviterer til kvile og ettertanke og ei form for livskvalitet som kan vere vanskeleg å finne når både ein sjølv og andre går for full maskin. Kvaliteten på ein slik kviledag er avhengig av dagens kollektive karakter, noko som hos oss er historisk og kulturelt forankra i tanken om søndagen som heilagdag. Det blir ein annleis, gråare og meir slitsam kviledag dersom den blir eit individuelt prosjekt utan nokon form for hjelp frå det store fellesskapet. Søndag utan søndagsro, men med opne butikkar og søndagsturar til kjøpesenter, er ikkje lenger den søndagen vi kjenner.

Det er vårt inntrykk at argumentasjonen for endring grunnar seg i ein liberalistisk ideologi og ikkje i praktiske forhold. Grunngjevinga for å tillata søndagsopne butikkar er individuell fridom til å forbruka og det å forenkla og avbyråkratisera regelverket. Til det siste seier høyringsbrevet sjølv at verknaden vil verta beskjeden. Når det gjeld den individuelle verdien av å kunna handla alle dagar er dette ikkje ein verdi som folket, handelsnæringa og arbeidslivets organisasjonar deler. Dette vil tvert imot kunna føra til eit sterkare, usunt forbrukspress på den einskilde.

Søndagshandel vil ta frå tilsette i handelsnæringa ein fast fridag utan at det er grunn til å tru at den samla innteninga i vil auka. Erfaringar frå Danmark viser i følgje FAFO-forskarar at det korkje gjev vekst i lønsemd eller talet på tilsette. Der har handelsnæringa skore ned på tilsette på dei andre dagane for å dekka meirarbeid på søndagen. Det er i fylgje dei same forskarane heller ikkje grunn til å tru at det vil føra til fleire arbeidsplassar i Noreg. 

Samla sett er den potensielle gevinsten ved å opna for søndagshandel tvilsam, medan tapet av ein felles kviledag vil vera reelt for samfunnet og verta opplevd som stor. 

Det vert ikkje betre om det er opp til kommunane å avgjera søndagsopne butikkar i sin kommune. Marknadskreftene vil tvinga fram søndagshandel av frykt for handelslekkasje til nabokommunar. Det vil heller ikkje vera reell valfridom for den einskilde butikkeigar fordi denne vil kjenna seg tvinga til å halda ope når konkurrentane har det, for ikkje å tapa marknadsdelar. 

Bjørgvin biskop og bispedømeråd meiner at ei lovendring som opnar for søndagsopne butikkar vil vera skadeleg både for samfunnet og for den einskilde ved at ein aukar forbrukspresset. Også frå eit klimaperspektiv er søndagsopne butikkar eit steg i feil retning, fleire handledagar vil auke klimautsleppa gjennom auka energikostnadar og auka transportbehov. Det er også grunn til uro over at det er lågtlønsyrka som vert råka ved at fleire må arbeida på meir ulaglege tider med større kvelds- og helgebelasting. 

Bjørgvin biskop og bispedømeråd ber difor regjeringa om å legga vekk dette forslaget om endringar i «helligdagsloven» og ikkje endra lova.

 

Med helsing

Jan Ove Fjelltveit   e.f.

stiftsdirektør Bjørgvin bispedøme

 

Tore Skjæveland

kyrkjefagsjef