Høringssvar fra Signy Margrete Hefley

Nei til søndagsåpne butikkar

Dato: 30.05.2015

Svartype: Med merknad

Vi treng ein dag fri! Vi treng ein dag der heile samfunnet rundt oss, so godt som det let gjerast, oppmuntrar oss til å kvile og ikkje stresse med jobbpress eller handleturar. Ein dag der dei fleste rundt oss har fri samtidig, som igjen oppmuntrar til kaffibesøk med naboane og mulighetane til å pleie familieforhold.

Eg har budd 8 år i eit land der handelsstanden ikkje legg opp til store forskjellane på søndag og kvardag. Muligheten til handel den dagen legg automatisk opp til mindre kvile for alle den dagen. Det fører til mindre planlegging tidlegare i veka, sidan ein likevel kan gå innom butikken på ein søndag. Dermed kjem ein snart til det punktet der ein må bryte opp kviledagen og ta seg ein tur på butikken for å få tak i noko ein hadde gløymt...Men når ein då begynner handlinga på søndagen so har ein plutseleg kutta inn i den eine dagen i veka ein verkeleg kunne nytta til kvile og kos saman med vennar og familie. Det er sjølvsagt eit personleg valg om ein vil benytte seg av søndagsåpne butikkar eller ikkje, men dess fleire det er av desse butikkane, dess vanskelegare er det å la vere å tenke at denne dagen kan benyttast til handling. Som ein konsekvens får ein mindre skikkeleg avslapping og det trur eg kjem til å merkast i samfunnet framover med dårlegare helse blant folket. Etter som eg blir eldre og eldre innser eg meir og meir at det er stor visdom i det at Gud gav oss ein dag til å kvile på. Kvile er ein heilt nødvendig del av livet. Denne eine dagen trengs beskyttast! Nei, til søndagsåpne butikkar!