Høringssvar fra Anne Merethe Mæland

Nei til søndagsopne butikkar!

Dato: 27.05.2015

Svartype: Med merknad

For meg er søndagen ein dag som er annleis. Eg brukar den til å gå på gudsteneste. Etterpå kan eg gå ein tur, og det er faktisk koseleg å rusle rundt i byen utan at butikkane er opne, ta ein kaffi, treffe venner, gå på kino. Det er til det gode for oss at søndagen er som den er no. Eg ser på den dagen som ein skatt, og eg merkar at etter forslaget om søndagsopne butikkar kom, vil eg kjempa for at me får behalde søndagen slik den alltid har vore. Trur Gud hadde noko godt i tankane når han i det 3. budet sa me trengte ein helligdag i veka. Denne regjeringa snakkar så mykje om valgfrihet, men me har nok å velgje i ang. varer og tilbud resten av veka. Handelsstanden klarer seg godt, og dei vil jo ikkje dette sjølv heller. Eg jobbar turnus og må jobbe 3. kvar helg, derfor set eg veldig pris på dei søndagane eg har fri. Kvifor skal endo fleire yrkesgrupper bli pressa til å måtte jobbe meir helg og søndagar?? Syns argumentasjonen til regjeringa for å opne opp for dette, ikkje er god. TA HENSYN TIL KVA FOLKET ØNSKJER I DENNE SAKEN!