Høringssvar fra Skodje kommune
Nei til endringer i helligdagsloven
Svartype:
Med merknad
Vårt ansvar for fellesskapen, for miljøet og for kvarandre er viktigare verdiar enn forbrukaren og butikksjefen sin valfridom til å innføre ein ny handledag. Ein fridom som fleirtalet av forbrukarane ikkje ønskjer.
Skodje kommunestyre seier nei til søndagsopne butikker og endringar i heilagdagslova fordi det vil kunne føre til:
- Auka trafikk, støy, overforbruk og CO2 -utslepp med bilar, der også lastebilar med ferske varerskal til butikken på søndag.
- Auka fokus på forbruk, noko som ikkje er berekraftig.
- Redusert uteaktivitet med friluftsliv for god folkehelse.
- Misser ein kviledag som kan vere god mot stress, som ser ut til å bli den nye folkesjukdomen.
- Redusert høve til eit familieliv med tid med barna og omsorg for kvarandre. Mange familiar vil kjenne at dei blir splitta mellom å ordne ting på kjøpesenteret og gjere andre familieaktiviteter.
- Mogleg krav om søndagsopne barnehagar.