Høringssvar fra Leiv Olsen (privatperson)

Forsvar søndagsfreden

Dato: 30.06.2015

Svartype: Med merknad

Forslaget om utvida adgang til søndagsopne butikkar, bør avvisast. Det er ein viktig verdi å ha dagar der familiar kan rekna med at dei normalt har fri samtidig og kan dyrka samværet med kvarandre. Det vil alltid finnast verksemder som vera i arbeid på søndagar, men di fleire verksemder som har arbeid i gang på ein søndag, di færre vil få muligheten til å ha fri samtidig. Det vil verka undergravande på familielivet. For mange i vårt land er det dessutan viktig å verna om helgefreden; di fleire verksemder som har arbeid i gang på ein søndag, di mindre vil helgefreden bli respektert. Eg kan heller ikkje sjå at ein vinn noko på å halda vanlege butikkar opne på ein søndag. Samla handel vil ikkje auka, den vil bare fordela seg på fleire dagar. Det vil føra til større kostnader for butikkane utan at dei vil få meir inntekter; resultatet kan bli at fleire butikkar må stenga. Det er heller ikkje ei løysing å la den enkelte kommunen bestemma om dei skal la butikane vera opne på ein søndag. Blir det søndagsope i ein kommune, vil handelen flytta seg dit frå nabokommunane med mindre også dei innfører søndagopning. 

Arbeidsgivarane ønskjer ikkje generell adgang til søndagsopne butikkar. Dei tilsette og fagforeningane deira ønskjer det ikkje. Forbrukarane ønskjer det ikkje. For kyrkja og dei som vil ha helgefred, er forslaget ein provokasjon. Forslaget må avvisast!