Høringssvar fra Ivar Austrheim

Høyringssvar om søndagsopne butikkar.

Dato: 29.05.2015

Svartype: Med merknad

-Når berre turistane får seg mat, så treng ikkje vi fastbuande handle på søndag.

-Eg unner dei som arbeider i butikkane å ha fri.

-Eg ønskjer at ikkje konkurransesituasjonen skal verte vanskelegare for butikkane.

-Eg ønskjer ikkje varene skal verte dyrare fordi det vert lengre åpningstider.

-Det er òg fint å ha søndagen som heilagdag, viss vi meiner det er positivt med kristen kultur her i landet.

-Eg meiner det er meir negativt enn positivt med søndagopne butikkar.