Høringssvar fra Maja Strand

Nei til enda fleire i søndagsarbeid.

Dato: 30.06.2015

Svartype: Med merknad

Eg ønsker at ordninga vi har no vidareførast og at det ikkje åpnast for søndagsåpne butikkar. Om ein skal ha søndagsope vil nødvendigvis fleire måtte arbeide søndagar. Eg er sjølv sjukepleiar og unner ingen å måtte jobbe søndagar om det ikkje er nødvendig, då dette er er ødeleggande for det sosiale livet til arbeidstakar. Eg meiner verdien av å kunne handle på søndagar er langt mindre enn verdien av at desse menneska får ein fridag som fell saman med dei fleste andre arbeidstakarar sin fridag. Eg reknar med at dette også vil få ringvirkningar for andre bransjar då f.eks einslege forsørgarar tilsette i butikk vil ha behov for barnepass -skal barnehagar og SFO ha ope slik at enda fleire må på jobb? Kva med kollektivtransport, skal dei ha ordinære ruter for å skysse dei handlande? Og butikkane vil vel få høgare lønnskostnader samtidig som eg antek at behovet for varer i befolkinga er konstant uansett om ein fordeler handelen på seks eller sju dagar i veka. Det er ikkje eg interessert i å betale for. La folk som kan ha fri få fri.