Høringssvar fra Øygarden kommune

Høringssvar frå Øygarden kommune

Dato: 28.09.2018

Svartype: Med merknad
  • Øygarden kommune er positiv til styrking av aktivitet- og utgreiingsplikta i likestillings- og diskrimineringslova. Det er viktig at pliktene til arbeidsgjevar vert konkretisert og gjort tydeleg i arbeidet med å fremme reell likestilling. Øygarden kommune meiner at dette best vert ivaretatt gjennom modell 1- Samfunnsansvarsmodellen, og støttar difor valet av denne modellen for å styrke arbeidet med aktivitet- og utgreiingsplikta på likestillingsområdet.