Høringssvar fra Landslaget for lokalaviser (LLA)
Kulturdepartementet
Høyringsinnspel, forslag til endring av forskrift om tilskot til lokale lyd- og bildemedier
Landslaget for lokalaviser viser til departementet sine forslag til endring av forskrift om tilskot til lokale lyd- og bildemedier, datert 23. juni 2020.
Landslaget for lokalaviser (LLA) er organisasjonen for over 110 lokalaviser, der rundt 70 av LLAs medlemsaviser står utanfor dei tre største mediekonsera. LLA har særleg dei siste par åra inspirert og løfta fleire lokalaviser til å satse meir på lyd og og levande bilde, noko som har vore, og er, viktig i lys av at avisene beveger seg frå tradisjonell papiravisproduksjon til lokale multimediabedrifter.
Totalt har LLAs aviser eit opplag på drøye 350.000 og følges dermed av rundt éin million brukarar. Våre aviser dekker rundt 180 kommunar, særleg i distrikts-Norge. På mange måter er LLAs fådagersaviser grunnfjellet i mediemangfoldet – og våre journalister dekker kulturliv, næringsliv, idrett og folk sitt daglegliv.
Alt i alt ser vi på Kulturdepartementets forslag som konstruktive og gode for å gjere forskriftene til lyd og bilde-tilskotsordninga betre og meir framtidsretta.
Blant anna er det positivt at registrerte kringkastarar som tilbyr lokalt innhald også kan motta driftstilskot i tillegg til investeringsstøtte. Det er også bra at det vil vere eit overordna tak i tilskota per søknadsår, slik at midlane ikkje blir tildelt nokre få aktørar. Dette vil fortsatt bidra til mediemangfold i praksis.
LLA meiner også at det er konstruktivt med eit tak på 700.000 kr per år for nasjonal samanslutning for lokale lyd- og bildemedier. Vi er enige med departementet i at dette sikrar likebehandling og at tildelingane kan oppretthaldast på samme nivå også dei neste åra.
Vi ønskjer Kulturdepartementet lukke til vidare med arbeidet for å gjere forskriftene bedre.
Oslo, 24. august 2020
Vennleg helsing
Landslaget for lokalaviser
Tomas Bruvik (sign.)
Generalsekretær
Geir K. Hus (sign.)
Informasjonssjef
Direktetelefon 452 89 333
geir@lla.no