Høringssvar fra RADIO VEST TELEMARK
Radio Vest Telemark er ein liten lokalradio med stort nedslagsfelt. Me har eit godt samarbeid med nærliggande lokalradioar Rjukan og Hjalar i Seljord. Me dekker det meste av Telemark i areal men tynt befolka område. Me skulle gjerne hatt både FM ogh DAB dekning og ser det derfor som svært vesentleg med tilskuddsordningen som det leggas opp til nå for å kunne realisere DAB i vårt område. Me har DAB dekning i enkelte områder, men dette fungerer ikkje for dei 3 radiostasjonane må kjøpe DAB tenesten fra eit privat selskap som ikkje er økonomisk avhengig av at DAB sendingane dekker heile området. For å få ei god DAB dekning i området er me heilt avhengige av tilskudd frå medietilsynet/dept. et . DAB konsesjonen må også tilligge radiostasjonane som har sendekonsesjonen i området , og ikkje eit privat foretak uten senderinteresser
NB Så vil me understreke så sterkt me kan at som liten lokalradio er me heilt avhengige av Lokalradioforbundets tekniske ekspertise . Det tekniske opplegget for alt av medie og ikkje minst Lokalradio medfører store tekniske utfordringar som små radioar ikkje har maugleghet til å skaffe seg i sitt nærområde. Me er derfor heilt avhengige av at forbundet vårt kan vera den tekniske støttespiller me treng , og håpar at medietilsynet tar det med i sine kalkyler av videreutvikling av mediefloraen. For Radio VT Halvor Lognvik redaktør