Høringssvar fra Helse Bergen HF
Innleiing
Departementet spør spesielt om innspel når det gjeld i kva grad dei nye reglane bør gje adgang til deling av opplysningar som er underlagt teieplikt med grunnlag enn andre lovar enn forvaltningslova.
Helse Bergen HF vil oppmode til varsemd med å la dei nye heimlane gjelde opplysningar som er omfatta av helsepersonell sin teieplikt, sjølv om vi ser at det er situasjonar der helsepersonell har informasjon som andre forvaltningsorgan kan ha nytte av for å løyse sine oppgåver.
Helsepersonell sin teieplikt
Teieplikta er utfordra i eit samfunn der deling av opplysningar er blitt mykje lettare og meir akseptert på grunn av teknologiutviklinga. Helsepersonell fortel at dei opplever at barnevern, politi, media og andre ber om teiepliktige opplysningar fordi dei treng dei for å løyse sitt samfunnsoppdrag. Samfunnsoppdrag som vi er einig i er svært viktig, men som helsepersonell likevel ikkje alltid kan bidra med opplysningar for å løyse, fordi dei har lovpålagt teieplikt.
Det er etter Helse Bergen sitt syn viktig at ein hegner om teieplikt som det klare utgangspunktet for helsepersonell, og at unntaka er basert på samtykke frå pasienten eller at ein klar overvekt av andre interesser gjer det rettmessig å gi opplysningane vidare.
Helse Bergen sine kommentarar til lovforslaget
Helse Bergen meiner det er ei viktig presisering at teiepliktige personopplysningar etter forvaltningsloven berre kan bli delt så langt det er nødvendig for at mottakarorganet kan løyse nødvendige oppgåver og dersom delinga ikkje utgjøring eit uforholdsmessig inngrep overfor den opplysningane gjeld. Vidare meiner vi at det bør gå klart fram av den ordlyden i den nye lovforslaget at det er opp til det organet som skal gje opplysningar, å bestemme om det skal gjerast.
Helse Bergen meiner som nemnd over at dei nye reglane ikkje bør gjelde opplysningar som er underlagt teieplikt etter helsepersonellova. Teieplikt i helsetenesta er grunna i at alle skal kunne oppsøke helsetenesta når dei har behov for helsehjelp, uavhengig av årsaka til at ein treng hjelp. Det er avgjerande for at pasientar skal få rett behandling, at dei ikkje held tilbake opplysningar om sjukdommen og symptom i frykt for at helsepersonellet dele opplysningane med uvedkommande.
Helsepersonell sin teieplikt har sine grenser. Vi meiner at regelverket slik det er utforma i dag, girhelsepersonell det nødvendige handlingsrommet for å dele opplysningar der det er ein klar overvekt av interesser som taler for slik deling. Ei utviding av dette handlingsrommet vil etter vårt syn skape utsikkerhet, og kunne svekke formåla bak teieplikta og gjere regelverket vanskeleg å tolke.
Helse Bergen meiner på denne bakgrunn at dei nye heimlane for deling av opplysningar ikkje bør bli utforma eller forstått slik at også helsepersonell er omfatta. At helsepersonell og helsetenesta ikkje er omfatta av dette nye unntaket frå teieplikta bør gå tydelig fram av ordlyden i lova. Det er viktig at ordlyden ikkje skapar rom for tvil verken for helsepersonell eller frå forvaltningsorgan som ønskjer opplysningar frå helsetenesta/helsepersonellet for å løyse sine oppgåver.