Høringssvar fra Fylkesmannen i Rogaland

Dato: 01.12.2020

Høringssvar - forslag om større tilgang til å dela invormasjon i forvaltningslova

Fylkesmannen i Rogaland viser til Justis- og beredskapsdepartementet sitt høyringsnotat med forslag til endringar i forvaltningslova m.m. om utvida høve til informasjonsdeling på tvers av forvaltningsorgan.

Innleiing

Fylkesmannen er positiv til at det i større grad blir opna for deling av opplysningar mellom forvaltningsorgan enn det lova gir høve til i dag. Det blir peika på i høyringsnotatet at ei vidare og tydelegare høve til deling vil vera svært viktig for eit meir effektivt arbeid mot arbeidslivkriminalitet og annan økonomisk kriminalitet.

Vi sluttar oss til det. Innanfor Fylkesmannen sine fagområde er dette noko vi ser eit behov for ved hendingar knytt til miljøkriminalitet. Trong for unnatak frå teieplikt knytt til produksjon og drift i verksemdene, inkludert konkurranseomsyn knytt til innkjøp, bør vurderast inn mot lovendringa. Det bør også av unnatak knytt til omsyn til politiet si etterforsking og fare for bevisforspilling. Når ein har fleire forvaltningsorgan med ulikt ansvar for å vera med på stoppa og bøta på ulovlege tiltak, kan slik teieplikt stå i vegen for tilstrekkeleg oversikt over situasjonen og høve til å gjera det som trengs for å sikra at miljøkonsekvensane blir unødig store.

Når det kjem forslag om endringar i teieplikta etter forvaltingslova er det likevel viktig å ta høgde for kva typar opplysingar dette kan dreie seg om. Forvaltinga handsamar store mengder med til dels svært sensitiv informasjon om einskildpersonar. Døme på dette er at forvaltinga mottek og arkiverer store mengder med pasientjournalar, både frå primær- og spesialisthelsetenesta. Delar av forvaltinga har svært vidfemnande lovheimlar til innhenting av informasjon. Døme på dette er helsetilsynsslova § 7 og folketrygdelova § 21-4. Dette er heimlar som i stor utstrekning blir brukt for å innhente pasientjournalar, utan at den det gjeld eller avgjevarorganet kan motsetje seg utleveringa. Dermed blir det svært viktig at forvaltinga handsamar desse opplysningane på ein god måte. Dette er avgjerande for publikum si tillit til forvalting, til helsetenesta og for helsetenesta si tillit til forvaltinga.

Dette omsynet må vegast mot omsynet til naudsynt informasjonsflyt i forvaltinga. Forvaltingslova slik denne er i dag gjev i dei aller fleste tilfelle tilstrekkeleg høve til deling av teiepliktig informasjon. Når det gjeld deling av informasjon mellom ulike forvaltingsorgan vil § 13 b nr. 5 ofte gje tilstrekkeleg handlingsrom, og samtidig sikre at opplysningane ikkje blir brukt til heilt andre føremål enn det dei er innhenta til, jf. ordlyden «opplysninger som det er nødvendig å gi for å fremme avgiverorganets oppgaver etter lov, instruks eller oppnevningsgrunnlag».

Vurdering:

Den føreslått nye § 13 b fyrste ledd nr. 7 er ei generell oppmjuking av forvaltinga si teieplikt. Fylkesmannen meiner at ei slik oppmjuking ikkje bør bli utførd.

Eit aktuelt døme på bruk av ein slik heimel kan vera at politiet ønskjer pasientjournal i ei sak der desse opplysingane er samla inn for bruk i ei tilsynssak hjå fylkesmannen. Dersom politiet får desse vil dei kunne brukast mot den det gjeld i ei straffesak. Dersom slik deling skjer vil dette opplagt vera eigna til å svekke tilliten til både forvalting og til helsetenesta som opphaveleg hadde journalen. Det er i dag ikkje uvanleg at me får denne typen førespurnadar frå politiet, men forvaltingslova gjev ikkje heimel for slik utlevering i det store fleirtalet av slike sakar.

Etter det nye forslaget blir det opna for meir utstrekt deling av informasjon, etter ei skjønnsmessig vurdering. I dette skjønnet skal det leggast vekt på moment som er foreslått nedfelt i § 13 b andre ledd. Me vurderar at desse momenta kan vera eigna som barrierar mot uheldig deling av informasjon. Likevel meiner me at det prinsipielt er uheldig å innføre § 13 b nr. 7. Når utleveringa skjer etter ei skjønnsvurdering er det alltid risiko for vurderingar som ikkje er i tråd med intensjonen bak regelverket, og det er risiko for at regelverket vil bli tolka og praktisert ulikt i og mellom ulike forvaltingsorgan. Det at det i dag ikkje er heimel for utlevering ut frå mottakorganet sine behov er ei svært effektiv barriere, mens å gje ein slik heimel vil kunne føre til auka press frå mottakarorgan på å få utlevert sensitiv informasjon.

I den grad det er naudsynt med oppmjuking av høve til å dele informasjon, meiner me at dette er vareteke i forslaget til § 13 h med heimel til å gje forskrift om høve til informasjonsdeling. Me meiner at ved å utarbeida forskrifter for dei konkrete høve der det er behov for god informasjonsdeling på tvers av forvaltningsetatar kan ein sikre godt tilpassa og målretta føresegner som ikkje treff for vidt. Fylkesmannen i Rogaland si vurdering er at forskriftsheimelen saman med gjellande § 13 b er behova for informasjonsdeling varetekne. Det gjer at fordelane med føreslått § 13 b fyrste ledd nr. 7 blir så små at dei ikkje kan forsvare dei potensielt store ulempene ein slik heimel inneber. Forskriftsfesting av slik informasjonsdeling er etter vår meining ein langt betre og sikrare måte å regulere informasjonsdelinga, ved at delinga blir vurdert og avgjort sentralt, konkret ut frå behov i definerte forvaltingsorgan. § 13 b fyrste ledd nr. 7 i opnar i for stor grad for skjønnsmessig vurdering som er avhengig av den einskilde saksbehandlar.

Fylkesmannen vil avslutningsvis nytta høve til å oppmoda departementet om å gjennomgå særlovar med sikte på å gi ein samla rettleiing på kor grensene for deling av informasjon omfatta av teiplikt ligg i dag og eventuelt kor grensene skal gå der det blir vedteke endringar.

Tilråding:

Fylkesmannen i Rogaland tilrår å forkaste forslaget til ny § 13 b nr.7

Vedlegg