Høringssvar fra Ulstein kommune
Høyringsuttale frå Ulstein kommune
1. Ulstein kommunestyre støttar framlegget om utvida høve til deling av teiepliktige opplysningar mellom forvaltningsorgan.
Som kommune er vi avhengige av samarbeid på tvers av etatar og sektorar for å kunne løyse dei komplekse oppgåvene vi er pålagde å gjere på ein tilfredsstillande måte. Vår oppleving er at slike samarbeid vert vanskeleggjort på grunn av eit ulikt lovverk om teieplikt for involverte aktørar. Ulike etatar, derunder overordna organ, både forventar og oppmodar om meir tverrfagleg og tverretatleg samarbeid og koordinert innsats, utan at lovverket om teieplikt er tilpassa realitetane.
2. Ulstein kommune ønsker ein heilskapleg gjennomgang av lovverket om teieplikt. Om ein til dømes skal førebygge rusmisbruk, eller gje eit forsvarleg tilbod til barn og unge med samansette behov, vil det ofte vere behov for at personar som er underlagde til dømes helselovvene, barnevernlova, sosialtenestelova og NAV lova, kan dele informasjon med dei andre tenestene. Ulstein kommune meiner difor at spørsmålet om utvida informasjonsdeling også bør greiast ut for andre lover som til dømes barnevernlova, NAV-lova, sosialtenestelova og helselovene.
3. Lovverket knytt til deling av teiepliktige opplysningar må vere tydeleg og brukarvenleg, og det må vere enkelt å lese ut av lovverket i kva situasjonar det er lov å dele teiepliktig informasjon med andre, og kva slags informasjon som kan delast. I dag vert lovverket oppfatta som fragmentert, komplisert og uklårt. Dette, i tillegg til at det er straffbart å bryte teieplikta, gjer at tilsette er tilbakehaldne med å dele opplysningar, sjølv der lova gjev opning for utveksling av opplysningar.